Torgny Byklum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgny ByklumSymbol confirmed.svg
Født: 13. februar 1968 (51 år)

Torgny Byklum (fødd 13. februar 1968) begynte som vaktmester på Sørlandet Sykehus HF avdeling Byglandsfjord i 2015. Før det arbeidde han ti år i ei rekke ulike jobbar i oljebransjen som ingeniør og industrimekaniker for On and offshore Services og for Frøysland Industrier.

Etter at Torgny Byklum gjekk ut av Hornnes vidaregåande skule med økonomi og handelsutdanning i 1987, var han i Garden før han hausten 1988 tok eit år for Forsvaret i Libanon som kompaniskrivar. Deretter arbeidde han vel ti år på Byglandsfjord Sag frå 1989 til 2000. I denne perioden tok han Trelastskolen på kveldstid. Han hadde også permisjon eitt år for å ta eit engasjement for Forsvaret i Somalia. Etter at han slutta på saga, tok han vaktmesterskolen som fjernundervisning medan han dreiv sitt eige firma som murar og tømmermann. Frå 2001 til 2003 tok han også ingeniørutdanning på Kristiansand Tekniske Fagskole og utdanning som takseringsingeniør på Norges Eiendoms Akademi. I denne perioden fekk han seg også studiekompetanse. Medan han jobba offshore, fekk han også høve til å ta utdanning som teknikar i boreoperatørfaget på Strømsbu videregående skole i Arendal.

I fritida har han engasjert seg i Otra IL som trener og lagleiar i aldersbestemte klassar innan fotball og håndball.

Kjelder[rediger]