Olav Arne Kleveland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Arne Kleveland
Olav arne kleveland.jpg
Født: 17. juli 1934
Død: 8. november 2012 (78 år)

Olav Arne Kleveland (fødd 17. juli 1934, død 8. november 2012 i Oslo) budde på Kleveland i Evje og Hornnes kommune. Han var ugift og etterlet seg søskenbarna Solveig, Kjersti, Anne Lise, Signe og Kjell. Gravferda var frå Evje kyrkje fredag 23. november 2012.

Biografi[rediger]

Etter å ha gått ut av Hornnes landsgymnas i 1954 og tok Olav Arne Kleveland så lærarskulen i Kristiansand. Som nyutdanna lærar hadde han stillingar fleire stader på Vestlandet. Han var også lærar på realskulen i Kvinesdal på 1960-talet før han kom tilbake til heimbygda som lærar på Evje ungdomsskule. Sidan tok han tilleggsutdanning og i 1967 tok han hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen. Emnet for hovudoppgåva hans var Gjennombrot for arbeiderrørsla i Evje. I 2006 gav Evje og Hornnes Sogelag ut oppgåva som bok. Han hadde og utdanning innan realfag. Deretter vart han lærar på Hornnes landsgymnas. Her heldt han på til han vart pensjonist, og lenger enn det. Etter at han pensjonerte seg, heldt han fram som lærar ved fengslet på Evjemoen, og han vikarierte og som lærar på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hovden.

I tillegg til arbeidet som lærar engasjerte Olav Arne Kleveland seg i målrørsla så vel som i anna kulturarbeid. Han var leiar av Evje og Hornnes Mållag i meir enn 25 år, og leiar i Vest-Agder Mållag 1980-1983. Han var aktiv i politisk arbeid for Senterpartiet og var med i styret i lokallaget, fylkesformann og møtte i Landsstyret. Han representerte Senterpartiet i Evje og Hornnes kommunestyre i mange periodar og var med i ei rekke utval og nemnder. Han var til og med kandidat til å stå på førsteplassen på partiet si liste til stortingsvalet eitt år, men tapte kampen om den plassen. Han var aktiv i arbeidet som Nei til EU hadde. I regi av Agder Historielag arrangerte han lokalhistoriske turar og han tok initiativet til årlege kulturreiser til Oslo. Han arbeidde og for å restaurere og fornye prestegarden på Evje og han var initiativtakar til å få reist statue av Jørgen Løvland i Evje sentrum. Han var og engasjert i folkeakademiet, museumsarbeid og bibliotekverksemd.

I tillegg til alt dette var han ein aktiv skribent og forfattar. Han var sentral i Evje og Hornnes sogelag sitt årsskrift Arnstein og han var sentral då Jol i Setesdal vart etablert. Han var med i styret for Setesdølen frå avisa vart etablert i 1975 og var styreformann for avisa i 10 år og styremedlem like lenge etterpå. Han skreiv jubileumssoga for Otra IL og då han døydde, skreiv han på tredje bandet av kultursoga for Evje og Hornnes.

Olav Arne Kleveland var med på å grunnlegge Evje og Hornnes Sogelag saman med Eilert Hægeland i 1986. Etter Eilert var han leiar av laget i tre år, frå 1989-1991, og sidan medlem av styret i fleire år. Han var òg med på å få i gong Nedre Setesdal Røde Kors Hjelpekorps i 1968, og var den første leiaren av hjelpekorpset (1968-1974).

Bibliografi[rediger]

Heder[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]