Odd Harald Robstad
Odd Harald Robstad![]() | ||
---|---|---|
Odd Harald 2009. Foto: Geir Daasvatn
| ||
Født: | 16. august 1945 (78 år) |
Odd Harald Robstad (fødd 16. august 1945) er pensjonert lærar. Han vaks opp og bur på Syrtveit i Evje. Han er gift med Ragnhild Robstad (fødd Abusland).
Robstad tok lærarprøva i 1971 og fekk adjunktkompetanse i 1981. Han var tilsett som lærar ved Evje barneskule og Evje ungdomsskule 1971-1975. I 1975 vart han tilsett i mellombels stilling som kroppsøvingslærer ved Hornnes landsgymnas (i dag Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes), og frå 1981 fekk han fast (oppseieleg) stilling. Han vart verande som lærar ved skulen i mest 35 år, heilt til oppnådd pensjonsalder i 2009.
På 1960-talet var Robstad ein dugande friidrettsutøvar i Otra IL. Han vann fleire krinsmeisterskap og sørlandsmeisterskap i baneløp og terrengløp, og var stundom innom det gode stafettlaget Otra hadde på denne tida. Han var óg fotballspelar på gutelaga til Otra IL i si tid, ei fortid den ihuga friidrettsmannen i dag kanskje helst vil gløyme.
Frå første stund etter at han var tilbake i heimbygda i 1971, engasjerte Robstad seg i det lokale idrettsarbeidet. Han tok på seg store oppgåver som trenar og leiar i friidrettsgruppa i Otra IL i mange år. Men den største innsatsen – og den merkesteinen som for alltid vil stå igjen etter han – er den store innsatsen han har gjort for å få bygd opp gode idrettsanlegg i bygda.
Det heile byrja i 1975. Robstad sat saman med Sigurd Haugom i «stedsstyret for Hornnes», ei slags undergruppe i Otra IL på den tida, og såg at den gamle grusbanen og friidrettsbanen ved Hornnes gymnas burde moderniserast. Både gymnasungdomen og bygdeungdomen fortente det. Dei fekk dåverande rektor ved gymnaset, Alf Gudbrandsen, med på laget. Bygdefolket stilte opp og gjorde ein eineståande dugnadsinnsats. Robstad leia mykje av dugnadsarbeidet. I 1978 stod «nye» Hornnes stadion ferdig, med ny grasbane for fotball, 400 m løpebane med moderne rødstubb, kastsektor og hoppegrop.
I 1976 byrja Robstad, saman med fleire andre i Otra IL, å sysle med tankar om ein idrettshall i bygda. Etter fleire rundar med Evje og Hornnes kommune, der det synte seg at kommunen ikkje såg seg råd til ei slik storsatsing, stilte Otra IL – med Robstad i framste rekke – seg i spissen for arbeidet med å få reist hallen. Aksjeselskapet Otrahallen AS vart stifta i 1982. Robstad blei formann i byggjekomitéen for den nye hallen. Mykje av arbeidet med å reise hallen skjedde på dugnad, med Robstad som ein sentral dugnadsleiar. Otrahallen stod ferdig sommaren 1985. Frå 1985 og til dags dato – i heile 29 år – har han vore styreformann i Otrahallen AS, eit verv han ikkje har motteke ei einaste krone i godtgjersle for.
I 1989 blei Otrahallen utvida med tilbygget på baksida, med lagerrom og styrkerom i 1. etasje og det ein i dag ofte omtaler som «Miljørommet» i 2. etasje. Robstad var som styreformann sentral i arbeidet, sjølv om det var ein annan anleggsbyggjar i bygda, Sigbjørn Kjetså, som gjorde den største dugnadsinnsatsen for å få dette tilbygget på plass.
På byrjinga av 2000-talet såg Robstad med fleire kor viktig det var å utvikle treningstilbodet i Otrahallen vidare, slik at ein kunne imøtekome dei nye behova som heile tida utviklar seg i bygda og samfunnet som heilskap. Tanken var at ein måtte leggje til rette for at dei som ikkje søkte seg til organisert trening, også kunne kome til Otrahallen og der finne sitt individuelle treningsopplegg. I 2006 stod Otrahallen Helse- og Treningssenter, det store tilbygget mot aust, ferdig.
I 2008 fekk Robstad òg realisert det lenge planlagte fleirbruksanlegget mellom Otrahallen og Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Her vart det lagt nytt polytan dekke på den gamle asfaltbanen. Anlegget er kostnadsrekna til meir enn 1 million kroner, og er eigd av Otrahallen AS. Fleirbruksflata er høgtideleg døypt Odd Haralds Plass.
I 2010 vart Odd Harald Robstad tildelt Kongens Fortenstmedalje i sølv for sin eineståande innsats i mange år for idretten i Evje og Hornnes. Tildelinga skjedde under jubileumsfesten til Otra IL i Otrahallen 21. august 2010, då idrettslaget feira at laget var blitt 50 år.
Heider
- Kulturprisen i Evje og Hornnes 2015
- Kongens Fortenstmedalje i sølv (2010)
- Æresmedlem i Otra IL, 2010
- Otra ILs Ærespris 1981
Kjelder
- Otra IL sin søknad om Kongens fortenestemedalje til Odd Harald Robstad
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010
- Ordførar Bjørn Ropstad, Talemanuskript ved utdeling av Kongens fortenestemedalje til Robstad 21. august 2010
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, 1990, s. 506