Alf Georg Kjetså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Alf Georg KjetsåSymbol unrelated.svg
Født: 1. september 1935 (83 år)

Alf Georg Kjetså (fødd 1. september 1935) er pensjonert lærar og rektor i Evje og Hornnes kommune, der han arbeidde på Hornnes barneskule. Han var og kommunestyremedlem for SV og leiar av kulturstyret i Evje og Hornnes. Han er gift med Aslaug Kjetså. Dei har tre born, og bur på Kjetså i Hornnes. Foreldrene var Aslaug Kjetså (fødd Mjåland) og Olaf Alfsen Kjetså.

Alf Georg Kjetså gjekk ut av Hornnes landsgymnas 1955.

Fotoinnsamling[rediger]

Alf Georg Kjetså har vore ein aktiv fotograf i lokalmiljøet i meir enn 50 år. Han er mellom anna fotografen bak dei fleste bileta i Hornnes I, Gards- og ættesoge (utgjeve i 1969). Med ny teknologi tok han og til å filme. Han har laga lokale kortfilmar frå kulturaktivitetar så vel som kvardagslege hendingar. Han sit også med ei samling på 1 100 DVD-ar, med tusenvis av timar videopptak av menneske frå Hornnes og bygdene rundt. Han har dessutan ei stor samling med lydbandopptak av samtalar med gamle folk i bygda og heile Setesdal.

I tillegg til sine eigne bilete og opptak, har han samla inn mange gamle bilete av historisk verdi som andre har teke, og han har digitalisert og systematisert desse. Han har registrert rundt 6 000 bilete frå samlinga som Evje og Hornnes kommune fekk frå fotografen Johan Fennefoss. Heile biletsamlinga hans er idag (2016) på rundt 70 000 bilete.

I ein artikkel om Alf Georg Kjetså og samlinga hans i Fædrelandsvennen 15. januar 2016 understrekar konservator Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet at han har samla ein kulturskatt. « - Samla sett er bileta, lydbanda og alle filmane ein kulturskatt av dei heilt sjeldne. Det er eit arbeid utan sidestykke i heile regionen», seier Jansen.

Overvaking[rediger]

Som ung var Alf Georg Kjetså radikalar og pasifist. Han blei då overvaka av styresmaktene og lokale politifolk. Han fekk etter mange år 50 000 kroner i erstatning for dette av Lund-kommisjonen.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]