Hornnes idrettslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Side 1 i protokollen frå stiftingsmøtet 30. august 1945.

Hornnes idrettslag var eit idrettslag i Hornnes kommune. Laget vart stifta 30. august 1945. Lagt skulle frå byrjinga drive med friidrett og skisport, og vere med i dei respektive krinsane. Elles var tanken at laget skulle ha tilbod om fotball, handball og turn, utan at ein førebels ville søkja seg inn i desse krinsane. Frå starten var det 21 vaksne medlemer og 12 barn og ungdomar under 18 år. Klubbdrakta i friidrett skulle vere kvit singlet med ein raud H på venstre side av brystet. Buksa skulle vere blå med ein raud strek. Skidrakta skulle vere ein marineblå genser med kvit H på venstre side av brystet.

Torgrim Dåsnes var den første formannen. Elles skal Henrik O. Moseid ha vore ei drivande kraft i laget frå 1945 til han døydde i 1953.

Hornnes idrettslag og Evje idrettslag blei slått saman i 1960, og fekk namnet Otra IL.

Formenn[rediger]

Kjelder[rediger]