Idrettsbygget
Idrettsbygget, eller «Garderobebygget» som det seinare mykje har blitt kalla, er eit kombinert garderobe- og lagerbygg ved Evje stadion. Bygget er reist i 1974. Evje og Hornnes kommune eig bygget.
Med unnatak for mindre ominnreiingar og utbetringar innvendig, og nokre strøk maling utvendig, var Idrettsbygget mykje det same fram til 2020 som i 1974. Men frå sommaren 2019 til hausten 2020 fekk bygget ei stor opprusting. Dusjanlegga med toalett i 2. etasje blei totalrenoverte. Garderobane blei pussa opp. I 1. etasje blei toaletta for publikum i 1. etasje også totalrenoverte. Det kom ny kledning på gavlveggane, og nytt toppdekke på taket. Alle dører blei skifta ut. Det kom ny garasjeport inn til lagerrommet i kjellaren.
Historie
Bygninga var teikna av Bjarne Haugjord. Formann i byggjekomitéen var Jostein Berget. Ein annan sentral pådrivar i arbeidet med å få reist bygget, og medlem i byggjekomitéen, var Kristian Kvitne.
Reisinga av bygget tok til i 1973, og det stod ferdig hausten 1974. Bygget inneheldt kontor som Otra IL skulle få disponera, garderobar, dusjar og toalett. I kjellaren var det lagerlokale som idrettslaget også skulle få bruke. Kvar gruppe skulle få sitt eige skåp å låse utstyr inn i.
Idrettsbygget, og det nye idrettsanlegget – Evje stadion som det skulle heite – vart høgtideleg opna søndag 15. september 1974. Eit strålande haustver danna ei vakker ramme om opninga. Hornmusikken spela og fleire hundre menneske var samla, skriv Olav Arne Kleveland i Otra IL si jubileumsbok.
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, utgjeven av Otra IL, 2010
- Geir Daasvatn, Evje stadion, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2012, side 13-26
- Kommunestyrevedtak desember 2018 om opprusting av Idrettsbygget