Lars Kile
Lars Kile![]() | ||
---|---|---|
Født: | 24. oktober 1948 (75 år) |
Lars Kristian Kile (fødd 1948) er pensjonert kleshandlar i Evje. Han er gift med Laila Kile. Dei gifta seg i 1969. Foreldra til Lars er Astrid Terese Kile Odde og Nils Ingemann Kile.
Då Lars som ung gut kom heim frå militæret, fekk han seg i 1970 arbeid hos Ole K. Thomassen i Evje herre- og gutteklær i Ågedalhuset litt nord i Evje sentrum. Kona Laila arbeidde også i butikken. Thomassen ville etterkvart konsentrere seg om å drive kledebutikk i si heimbygd Vennesla. Lars og Laila kjøpte då (1975) butikken på Evje, og starta Lars Kile AS. Ågedalhuset var lite og trongt for ein butikk, med ei bratt steintrapp utanfor, så i 1979 reiv dei det gamle huset og bygde eit nytt, stort og flott forretningsbygg på same tomta.
Lars pensjonerte seg som leiar av kledebutikken i 2010, og overlet ansvaret til dottera Rita Kile. No opptrer han bare som konsulent og vegleiar. Fritida bruker han i staden til å drive med det som interesserer han aller mest, jakt, fiske og arbeid i skogen, og då gjerne knytta til natureigedomen og hytta familien har på Brenne i Mykland.
I oppveksten i Evje og langt opp i vaksen alder var Lars ein ivrig fotballspelar i Otra IL. Han var også ein flink skihoppar i ungdomstida.
Kjelder
- Anfinn Lislevand, Ågedaleigedomen, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2014, s. 17-18