Jostein Berget
Jostein Berget | ||
---|---|---|
![]() | ||
Foto: Ole Aa. Brattfjord/Setesdølen
| ||
Født: | 6. desember 1925 | |
Død: | 2001 (alder 75–76) |
Jostein Berget (død 2001) var offiser i Forsvaret, idrettsleiar, lokalpolitikar (Arbeiderpartiet) og ordførar i Evje og Hornnes kommune frå 1976–1979 og 1984–1989.
Jostein Berget kom til Evje og Evjemoen militærleir i 1956 saman med kona Ellenor Berget. Han var ei stor drivkraft i det lokale idrettslivet gjennom ei årrekkje. Han var den første sekretæren i Otra IL etter stiftinga i 1960, og leiar av idrettslaget 1961-1964. Han var leiar i handballgruppa 1960-1962, 1967 og 1970 og den første leiaren i skigruppa 1960-1961. I tillegg til å vere ei administrativ kraft, fungerte han som instruktør og trenar i fleire idrettar. Han var ein av initiativtakarane til Himmelsynaløpet. Berget blei utnemd til æresmedlem i Otra IL i 1985.
Berget var ein svært sentral mann i arbeidet på 1960- og 1970-talet med å få bygd nytt idrettsanlegg i Evje. Han var leiar av Evje og Hornnes kommunale ungdoms- og idrettsnemd (KUI) på 1960-talet, og leiar i den kommunale ”Idrettsplasskomitéen” som la fram fleire innstillingar om nytt idrettsanlegg. Byggjinga av Evje stadion vart påbegynt i 1970, og stadionanlegget blei offisielt opna saman med det nye Idrettsbygget i 1974. Berget var leiar i byggjekomitéen for Idrettsbygget.
Heider
- Æresmedlem i Otra IL 1985
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeve av Otra IL, 2010