Setesdals ungdomsskule

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skulebygningen på Galteland.
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Setesdals ungdomsskule i 1892, då skulen var i Valle. Dei to første jentene som fekk lov til å gå på amtsskulen, Anna og Tina Lund, er med på biletet. Lærarane er Torleiv Hannaas og Torleiv Homme.
Foto: Knut Jonson Heddis samlingar

Setesdals ungdomsskule, Amtsskolen for de indre Bygder, var ein fylkesskule for vaksen ungdom i dei indre bygder på Agder frå 1876 til 1940.

Fram til 1916 flytta skulen frå bygd til bygd. Frå 1916 blei han lagd fast til Galteland i Evje, og heldt fram der til krigsutbrotet 9. april 1940. Etter krigen kom skulen aldri i gong att.

I daglegtalen blei skulen dei første ti-åra mykje omtala som «Amtsskulen i Setesdal». Etter at skulen vart fast på Galteland, blei han kalla «Setesdals ungdomsskule».

Aldersgrensa for å gå på amtsskulen var 17 år. Men etterkvart fekk Setesdals ungdomsskule dispensasjon frå aldersgrensa, slik at det kunne takast opp yngre elevar. Dei første åra var det bare gutar som fekk glede av skulen. Men hausten 1892, då skulestaden var Valle, var det med to jenter frå Valle. Dei to heldige var Anna og Tina Lund.

Bakgrunn[rediger]

I 1870-åra var det få som fekk meir utdanning enn folkeskulen. Skular for vaksen ungdom fantes det ikkje her sørpå. Staten var merksam på at ungdom trong meir skule og meir kunnskap enn folkeskulen kunne gje. På denne tida vaks også private folkehøgskular fram. Staten ville ikkje la desse skulane rå grunnen aleine. Jens Klepsland, som var formann i fylkesskulestyret i 26 år, seier i festskriftet til 50-årshøgtida til Setesdal ungdomsskule, at det beint fram låg ein reaksjonær tanke bak amtsskulane: Dei skulle verke som ei bremse mot dei frie folkehøgskulane. I 1875 vart det sett i gang to amtsskular i Nedenes. Den tredje blei Amtsskolen for de indre Bygder. Skulen tok til 4. oktober 1876.

40 år på flyttefot[rediger]

Jørgen Løvland var den første styraren.

Dei første 40 åra i skulen si historie flytta han altså frå bygd til bygd, innan området Valle, Bygland, Evje, Hornnes, Iveland, Vegusdal, Mykland, Herefoss og Åmli. Første kurset var på Bygland, i husa til Osuv O. Bygland. Den første styraren var Jørgen Løvland frå Evje, som seinere blei statsminister, utanriksminister, stortingspresident og mykje meir.

Vinteren 1877-1878 var skulen på Vestre Hodne i Hornnes. Løvland var på reise, og Tellef Davidson styrde skulen. Løvland var attende hausten 1878, og styrde skulen fram til 1884. Han var i Herefoss 1878-1879, i Åmli 1879-1880, i Bygland 1880-1881, i Valle 1881-1882, i Hornnes 1882-1883 og på Tveit i Vegusdal 1883-1884.

Etter Løvland tok Olav O. Brunvatne over som skulestyrar. Han rakk bare å halde eitt kurs, vinteren 1884-1885, før han døydde i 1885.

Kjetil H. Killand tok nå over styrarstillinga. Han sat som styrar 1885-1892. Då blei han sjuk, og døydde same året. I 1885-1886 var Kiland i Valle, i 1886-1887 i Herefoss, i 1887-1888 i Iveland, i 1888-1889 i Evje, i 1889-1890 på Ose i Bygland, i 1890-1891 i Vegusdal og i 1891-1892 på Tveit i Åmli.

Etter Killand kom Torleif O. Homme inn som styrar. Homme var opphaveleg frå Valle, men busette seg seinare i livet i Hornnes. Homme var ein særmerkt personlegdom, som eigde uvanleg store kunnskapar om mange emne. Han kom frå ei av dei gjævaste ættene i Setesdal. I bein line ætta han frå Åsmund Torleivsson Rygnestad (Vond-Åsmund). I hans tid var skulen i Valle i 1892-1893, i Mykland i 1893-1894, i Hornnes i 1894-1894, i Herefoss i 1895-1896, i Iveland 1896-1897, på Haugå i Bygland i 1897-1898, i Vegusdal i 1898-1899, i Neregarden i Åmli i 1899-1900, på Rosseland i Evje 1900-1901, i Valle i 1901-1902, i Hornnes i 1902-1903, i Iveland i 1903-1904, i Herefoss i 1904-1905, i Bygland i 1905-1906, i Engesland i Vegusdal 1906-1907 og i Mykland i 1907-1908.

Homme fekk prestekall i Røldal i 1908. Etter han tok Oluf Jetlund over som styrar. I hans tid var skulen i Evje i 1908-1909, i Valle i 1909-1910, i Hornnes 1910-1911, i Iveland i 1911-1912, i Bygland i 1912-1913, i Vegusdal i 1913-1914, i Mykland i 1914-19-15 og i Hylestad i 1915-1916.

Jetlund kunne ikkje ta over styrarposten før over nyttår i 1909. Peder Knutson styrde difor skulen hausten 1908. I åra 1913-1916 hadde Jetlund permisjon. I 1913-1914 vikarierte då Gunnstein Greibrokk som styrar, og i 1914-1916 igjen Knutson.

Skulen blir fast i Evje[rediger]

I 1915 vedtok amtstinget (fylkestinget) at skulen skulle leggjast fast til Evje. Heradsstyret i Evje hadde tilbode seg å koste skulebygg og ta utgiftene til lys, vask og oppvarming. Men når skulen blei lagt til Evje, skuldast nok det mykje at Evje var eit knutepunkt for trafikken, både langs veg og jernbane. Lensmann Ola N. Galteland gav gratis grunn til skulebygget på eigedomen sin på Galteland, og huset blei reist på ei vakker tomt som skrådde ned mot Arendalsvegen. Utsikten utover i Evje og Hornnes var praktfull. Hausten 1916 kunne elevane ta til på den faste skulen på Galteland. Skulebygningen fekk namnet Alvheim.

Frå nå blei skulen kalla Setesdals ungdomsskule.

I 1920 gjorde fylkestinget vedtak om at fylket skulle overta kostnadane med bygging og drift av fylkesskulane.

Eigedomen på Galteland synte seg raskt trong og ulageleg med tanke på utvidingar. Det var på tale å flytte skulen ned på moen mellom jernbanestasjonen og Evje kyrkje. Men det var nedgongstider og planane for skulen måtte kvile. Skulen på Galteland fekk likevel ei utviding, då det i 1930 kom eit nytt bygg med gymnastikksal og sløydsal.

Torgeir Berulvson styrde skulen 1917-1922.

Oluf Jetlund var styrar då skulen blei fast på Galteland i 1916. Men i 1917 blei Torgeir Berulvson tilsett som ny styrar. Han kom då mest heim, sidan han var fødd og oppvaksen på nabogarden. Berulvson var óg ein stor personlegdom, som lærar, folketalar, målmann og på mange andre vis.

Gunnstein Greibrokk ca 1926.
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926

Berulvson gav seg som styrar i 1922, då han fekk arbeid på Kristiansand lærarskule. Etter han kom Gunnstein Greibrokk inn i styrarstillinga. Han blei verande som styrar heilt til krigsutbrotet i april 1940, og vart den siste styraren av Setesdals ungdomsskule. Greibrokk var ein idealist med sterk fedrelandskjærleik, og hadde mange saker han brann for. Særleg låg målsaka han sterkt for hjarta.

Opplæringa og faga[rediger]

Opplæringa var frå starten bare teoretisk, akkurat slik som i folkehøgskulane. Men der elevane i folkehøgskulen stort sett tok imot kunnskapen gjennom føredrag, kravde amtsskulane at elevane las og rekna og skulle svare for det når eksamen kom. I tillegg til norsk og rekning var det noko engelsk, og rekneskapslære. Elevane måtte også halde foredrag etter sjølvvalt emne.

Etter kvart kom praktiske fag meir med i undervisninga. Gymnastikk, handarbeid, sløyd og kjøkkenstell kom inn på timeplanen. Ved Setesdals ungdomsskule kom desse faga med då skulen blei fast på Galteland i 1916. Faste gymnastikk-timar var det vanskeleg med, då skulen mangla gymnastikkbygg. Dette kom først i 1930. Men fram til det var det ein del gymnastikk og kroppsøving i friminutta.

Skulen i målreisingsarbeidet[rediger]

Olav Arne Kleveland skriv i kultursoga for Evje og Hornnes at skulelova av 1889 og målparagrafen i 1892 opna for eit meir offensivt målarbeid, og at det då alt var mange målfolk, særleg blant dei yngre. Amtsskulen og lærarane der må få mykje av æra for det. Rita Flottorp skriv i ei fordjupingsoppgåve om målreisinga i Evje og Hornnes at Setesdals ungdomsskule på mange måtar kom til å bli sjølve «krumtappen» i målreisingsarbeidet på desse kantar av landet.

Jørgen Løvland var ein av dei framste talsmenn for målarbeidet på denne tida, sjølv om han ikkje kunne nytta landsmål i undervisninga i skulen. Men han fann ei løysing på det problemet, og lærde elevane sine å skrive landsmål utanom skuletida.

Torgeir Berulvson var ein av desse elevane, og den som sidan skulle kome til ta initiativ til å starte eit mållag for heile Agder og Telemark. Målreisingsarbeidet var ei av dei store hjartesakene til Berulvson. Han kom til å bli ein av dei viktigaste pådrivarane i målreisingsarbeidet på riksplan, saman med Jørgen Løvland.

Torleif Homme, styrar frå 1892-1908, var óg ein av dei store målmennene som arbeidde ved skulen. Homme var ikkje redd for å ta i bruk landsmålet, og heller ikkje redd for å gå sine eigne vegar i målreisingsarbeidet. Utan å spørje nokon om lov, nytta han frå første dagen bare landsmål i skulen han styrde, både munnleg og skriftleg.

Torleiv Hannaas frå Hornnes var lærar ved amtsskulen 1900-1903. Han var dialektspesialist og ihuga målmann, og blei seinare professor i nordisk ved Bergen Museum. Han var formann i Noregs Mållag 1926-1929.

I 1922 blei Gunnstein Greibrokk styrar, og Jon Løyland kom som lærar til skulen i 1921. Begge blei verande i stillingane til skulen blei lagd ned etter krigsutbrotet i 1940. Dei sette sitt sterke preg på skulen i heile mellomkrigstida. Begge var norsklærarar og ihuga målmenn.

Det er ikkje til å undrast over at ein skule med slike sterke personlegdomar og ein slik kjærleik til landsmålet fekk mykje å seie for norskopplæringa i skulen, og dermed for målsaka i dei indre bygdene i det heile.

Brå slutt[rediger]

Jon Løyland ca 1926. Løyland var lærar på skulen under krigsutbrotet 9. april 1940, den dramatiske dagen i Noregs historie som også vart den aller siste skuledagen ved Setesdals ungdomsskule.
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926

Vinteren 1939 var det igjen planar om å flytte skulen frå Galteland til flatene nærare Evje tettstad, no prestegardsjorda. Her var det meininga at Evje herad skulle bygge ein ny og moderne skule, med internat, styrarbustad og lærarbustader. Men så kom krigen 9. april 1940, og sette ein brå stoppar for alle nybyggingsplanar. Og vidare skuledrift i det heile.

Jon Løyland har i ein artikkel i Jol i Setesdal fortald nærare om den siste dagen i skulens historie:

- Krigen 9. april kom uventa på oss. Greibrokk hadde radio og hadde vel om kvelden fyreåt høyrt om det tyske føringsskipet som stranda ved Lillesand. Då me kom til skulen om morgonen, fekk me høyre at kryssaren Blücher var søkt i Oslofjorden og at tyske skip skaut på Kristiansand. Me hadde Evjemoen i nærleiken, men det var ingi trygd, tvertom.

Etter ei stutt rådslaging vedtok me å sende elevane heim. Slik slutta den siste skuledagen ved Setesdals ungdomsskule!

Ein elev fortel[rediger]

Jørg Godtfredsen frå Evje var elev ved Setesdals ungdomsskule vinteren 1938-1939. Han har skrive eit mykje fint stykke om minna sine frå skulen i Jol i Setesdal (2004). Han avsluttar stykket sitt slik:

- Eg har mange gode minne frå ungdomsskulen på Galteland. Det blei også nokre skuleår på meg seinare, men skal eg ta ei samla vurdering utfrå både fagleg og sosialt utbytte, er det ikkje noko skuleår som har gjeve meg så mykje som vinteren på Galteland, og det er einaste gongen eg tykte det var trist at eit skuleår var slutt.

Nokre elevar ved skulen[rediger]

Skulebilete frå våren 1933. Grunde J. Skomedal f. 1916, står i bakerste rekke, nr. 4 frå høgre. Andre rekkje frå høgre: Nr. 3 er lærar Jon O. Løyland og nr. 4 er styrar Gunnstein Greibrokk.

Kjelder og litteratur[rediger]