Georg Rosef

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Georg Rosef
Født: 26. november 1916
Død: 8. oktober 2006 (89 år)

Georg Selmer Rosef (fødd 26. november 1916 på Evje, død 8. oktober 2006 i Oslo) var generalsekretær i Internasjonalt Kultursamband i 34 år. Han vaks opp på Evje som son åt Jacob Rosef, som omkom i Flåt gruve før Georg var eitt år. Mora Sigrid vart seinare gift med John Rosseland og fekk sju barn. I 1928 flytte dei til Rosseland. Sidan gjekk han på amtsskulen på Galteland. Etter skulegang fekk han arbeid på laboratoriet på Nikkelverket.

Georg Rosef var politisk engasjert på venstresida og lærte seg tysk for å fylgje med i det som skjedde i Tyskland. I september 1942 vart han arrestert og sendt til Kretsfengselet i Kristiansand. Etter ein periode med grøftegraving på Augland vart han i november same året sendt til Grini fangeleir. 15. februar 1943 vart han sendt til Tyskland med transportskipet «Monte Rosa». Der kom han til Uranienborg, Sachsenhausen, Natzweiler-Struthof og Dachau konsentrasjonsleirar, og til sist Stutthof ved Gdansk i Polen. Ettersom han kunne tysk, vart han sett til å arbeide som sjukepleiar i fleire av leirane.[1] Då dei sovjetiske styrkane nærma seg Stutthof vinteren 1945, blei fangane evakuerte frå leiren og sendt ut på ein «dødsmarsj». Mange var heilt utmatta og fall om langs vegen. Dei vart skotne av vaktene og blei bare liggande i grøftekanten. Rosef greidde å rømme under marsjen, og kom seg etter kvart i sikkerhet i Hamburg.[2]

Etter krigen arbeidde han på nikkelverket til det vart lagt ned, då flytta han til Kristiansand og fekk arbeid som undervisningsleiar på Kjevik med fenriks grad. Han arbeidde og ei tid på Falconbridge før han reiste til Oslo for å studere jus. Men han vart sjuk og fekk ikkje fullført eksamen. I staden tok han eit kurs i bokføring for juristar og fekk jobb i kommunerevisjonen og på Oslo Lysverker før han i 1956 tok til i Internasjonalt Kultursamband. Her arrangerte han reiser til Aust-Europa.

Han etterlet seg søskena Birger, Solveig, Anna og Henry, svigerinner, nieser, nevøar og annan familie. Det var urnenedsetting ved Evje kyrkje onsdag 1. november 2006 klokka 15.

Referansar[rediger]

  1. Osmund Faremo: Takk for livet, Emil Samlaget, Oslo, 1997, m.a. s. 59 og 62.
  2. Tidsvitnet Georg Rosef hos hvitebusser.no

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]