Rita Flottorp

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rita FlottorpSymbol confirmed.svg
Rita 2012.jpg
Født: 9. mai 1964 (55 år)


Rita Flottorp (fødd 9. mai 1964) er opphaveleg frå Åseral, men bur i Tingberget bustadfeltEvje og er lærar i Vaksenopplæringa i Evje og Hornnes kommune frå 1. august 2012. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder på Høgskulen i Agder, og var ferdig med den utdanninga i juni 2004. Under lærarutdanninga skreiv ho oppgåva Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga - med handskrift (kaligrafi). Oppgåva er trykt opp og utgjeve av Evje og Hornnes sogelag.

Etter 2004 arbeidde Rita som lærar først ved Evje barneskule og Evje ungdomsskule, og seinare ved Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Rita er òg utdanna hjelpepleiar (1984) og fotterapeut (1986). Ho har tidlegare arbeidd som hjelpepleiar på Evje og Hornnes sjukeheim og Evje PUH-bolig. Frå 1986 til 2000 dreiv ho Setesdalens Fotklinikk på Evje.

Rita har vore svært aktiv i Evje og Hornnes sogelag, der ho har vore sekretær i åtte år (2006-2013). Ho har òg vore medlem i skriftstyret for sogelaget sitt årsskrift Arnstein i ei årrekkje. Ho har dessutan vore medlem i skriftstyret for Jol i Setesdal i fleire år.

Rita er òg glad i å synge. Ho har sunge mykje på ulike kulturtilstelningar i lokalmiljøet, i gravferder og i andre samanhengar. Ho har med nokre korte avbrekk vore med i Evje og Hornnes bygdekor sidan koret vart starta tidleg på 1980-talet. I 2014 var ho med og song på Ole Aa. Brattfjord si vise «Sommarkjolen din», som kom ut på CD dette året.

I tillegg til song, har Rita kjære hobbyar i måling og teikning, og ho er ein dyktig kaligraf. Ho har to gonger delteke på Bygdeutstillinga i Åseral med eigne arbeider. Ho er dessutan mykje interessert i blomar, og har vore engasjert i det frivillige kyrkjelydsarbeidet.

Rita har tre born: Vegard Nicolaysen (fødd 1988), Marie Abusdal (fødd 1991) og Kristin Flottorp Nicolaysen (1995). Foreldra er Solveig Flottorp og Knut Flottorp (død 1997).