Ola N. Galteland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ola N. Galteland
Ola N. Galteland.jpg
Foto: Fra festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Født: 13. september 1855
Død: 28. desember 1929 (74 år)

Ola Nilsson Galteland (fødd 13. september 1855, død 28. desember 1929) var bonde, handelsmann, postopnar, lensmann og ordførar i Evje kommune. Han blei 1880 gift med Siri O. Kjetsaa, som døydde tidleg. Seinare var han gift med Anna E. Kallhovd.

Ola N. Galteland overtok fargsarden på Galteland i 1885. Han gav gratis tomt til Setesdals ungdomsskule då amtskulen blei fast på Galteland frå 1916. Han dreiv landhandel, hadde telefonstasjonen i bygda ei tid og var postopnar i 23 år. Han var ordførar i Evje kommune 1894-1901, og igjen i 1923-1925. I åra 1901-1917 var han lensmann i Evje. Han sat i forlikskommisjonen i 33 år og i direksjonen i Evje og Hornnes Sparebank i 36 år.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]