Hallvard Sandnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hallvard Sandnes
Født: 27. mars 1893
Død: 25. juli 1968 (75 år)

Hallvard Sandnes (fødd 27. mars 1893 på VikelidSandnes i Bygland, død 25. juli 1968) var ein norsk lærar og forfattar. Føste boka si fekk han utgjeve alt medan han gjekk på lærarskulen i Kristiansand, der han tok eksamen i 1915. Han vart lærar og rektor i Stavanger, dåverande Hetland kommune, mellom anna på Kvalaberg skole, og skrivinga skjedde helst i sommarferien. Han var gift og hadde tre barn.

I alt gav han ut 17 bøker og skreiv føljetongar i fleire blad. I tillegg skreiv han teksten til teikneserien Ingeniør Knut Berg på eventyr, som er ein science fiction-teikneserie og skulle vere eit svar på Lyn Gordon-serien. Den serien vart starta under 2. verdskrigen, og Hallvar Sandnes var deportert til Finnmark saman med andre lærarar då han tok til med dette arbeidet. Jostein Øvrelid teikna serien, men teiknar og forfattar møttest aldri, dei hadde bare brevkontakt.

Heder[rediger]

  • 1925 Melsom-prisen

Bibliografi[rediger]

  • Paa solbrune vidder – forteljingar (1913)
  • Livsens dogg. Ei bok om elskhug – (1917)
  • Bjønn-Per frå Skaratun – (1923)
  • Fjellkongen. Ei soga frå dei ville vidder – (1924)
  • Vardane brenn – (1925)
  • Nomelandskyrkja. Forteljing frå svartedauden (1926)
  • Soga um skjoldmøyane. Kultursoga fraa ikring aar 1000 etter Krist – (1926)
  • Norigards-Ram'n – (1928)
  • Er det ingen dag'e? – (1933)
  • Gamlekarane på Storebø. Bygdekomedie i 3 vendingar – skodespel (1933)
  • Steinar Orvik – roman (1941)
  • Aslak Dyrdal – roman (1941)
  • Folke Frøysnes – roman (1942)
  • Stavdalsgruvone – roman (1947)
  • Eldskrift på himmelen – (1955)
  • Røvarane i Urefjellshola. Fonna forlag.([1961]).
  • Gjenta er mi! Komedie i 3 vendingar – skodespel, nyutgåve av Gamlekarane på Storebø (1956)
  • På jakt etter eventyr – novellesamling (1966)

Noveller[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]