9. april 1940

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
april
⧼må.⧽⧼ty.⧽⧼on.⧽⧼to.⧽⧼fr.⧽⧼la.⧽⧼su.⧽
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30          

9. april 1940 var ein tysdag.

Hendingar

  • Tyskland gjekk til militært åtak på Noreg
  • Kommandørkaptein Andreas Anderssen (fødd i Evje), nestkommanderande på Oscarsborg festning under oberst Birger Eriksen, og sjef for torpedobatteriet, sendte avgårde torpedoene som senka det tyske slagskipet Blücher utanfor Drøbak i Oslofjorden
  • Generalmajor Einar Liljedahl var sjef for 3. divisjon (distriktskommando) som omfatta Agder og Rogaland, og såleis sjef og øverstkommanderande for dei militære styrkane på Sørlandet ved krigsutbrotet
  • Kristiansand blei tatt av tyske styrkar om formiddagen. Divisjonssjef Liljedahl og staben hans flytta då først ut av byen til Gimlemoen, og seinare på dagen til Hægeland. Dei militære styrkane i Kristiansands-området blei konsentrerte rundt Mosby-Kvarstein. Sjef for styrkane i Kristiansands-avsnittet var major Finn Backer. Hovudoppgåva til styrkane var å sperre vegen vidare nordover frå byen på begge sider av Otra. Styrkane blei ståande her til natta mellom 10. og 11. april
  • Ein tysk ubåt hadde gått på grunn utanfor Mandal. 15 av mannskapet og tre offiserar derifrå kom til Valle i to bussar om kvelden. Ein norsk vaktstyrke passa på dei

  

Kjelder