Evje kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Evje kyrkje

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg aust for riksveg 9, ved Fylkesveg 306 opp til Flatebygd, litt nord for Evje sentrum. Ho vart bygd av Ludvik Karlsen i 1890-91 og vigsla 16. desember 1891, har plass til 450 personar og galleri. Døypefont og preikestol er og bygd i 1891 og er i tre. Altertavla frå 1891 er ein kopi av Adolph Tidemands «Oppstandelsen» frå Bragernes kirke i Drammen frå 1871. Orgelet er frå 1961. I 1985 fekk kyrkja nye messehaglar frå Kirkelig Kulturverksted.

For eindel år sidan var det problem med takkonstruksjonen. Berebjelken i mønet hadde store sprekkar, og ein var redd for at han kunne gje etter ved store snøfall. Det blei då sett opp eit par ekstra stolpar inne i kyrkja for å stive av takåsen.

I nedslagsfeltet til kyrkja bur det om lag 1800 menneske. I 1992 var det 35 gudstenester med eit snitt på 40 deltakarar. Elles var det konsertar og andre arrangement i kyrkja, til saman 90 arrangement.

Utanfor kyrkje står Minnesteinen ved Evje kyrkje og Evje kyrkjegard ligg rundt kyrkja. Det er fleire gravhaugar i området rundt kyrkja.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]


Evje og Hornnes komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Evje og Hornnes kommune
461px-NO 0937 Evje og Hornnes.svg.png
Evje kyrkje · Hornnes kyrkje
Blåkorshuset · Elim Evje · Evje bedehus · Flatebygd bedehus · Hornnes bedehus · Krossen bedehus · Moi bedehus · Tryggheim bedehus
Furuly flerbrukshus på Verksmoen