Gunnstein Greibrokk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnstein Greibrokk
Gunnstein Greibrokk ca 1926.jpg
Foto: Frå festskriftet Setesdals ungdomsskule 1876-1926
Født: 26. november 1884
Død: 18. juni 1966 (81 år)

Gunnstein Greibrokk (fødd 26. november 1884, død 18. juni 1966) var lærar, skulestyrar og offiser. Han var styrar for Setesdals ungdomsskuleGalteland i Evje frå 1922 til 9. april 1940.

Greibrokk var særs evnerik og valde å gå skulevegen. Først tok han middelskulen på Ulefoss, med eksamen i Porsgrunn. Året etter gjekk han inn på underoffisersskulen i Kristiansand, der han gjekk ut som nr. 1 i 1906. Han var sterk og velbygd, og trente seg opp til å bli ein god idrettsmann under tida på underoffisersskulen.

Våren 1907 tok han lærareksamen som privatist på Notodden med fine vitnemål.

Etter eksamen var Greibrokk privat lærar på Notodden eit par år. Skuleåret 1909-1910 var han i Kristiansand og las til realartium på eitt år. Så var han i to år lærar i Gransherad. Etter det var han eitt år lærar ved ein privat middelskule i Evje, og vinteren 1913-1914 var han konstituert styrar av fylkesskulen i Vegusdal.

Hausten 1914 kom han attende til Notodden som overlærar ved lærarskulen.

Fylkesskulen for dei indre bygder, som Greibrokk hadde vore styrar for då han var i Vegusdal, blei frå 1916 fast på Galteland i Evje under namnet Setesdals ungdomsskule. I 1922 vart styrarposten her ledig. Greibrokk søkte og fekk posten hausten 1922. Her styrde han skulen i mest 18 år, heilt fram til den dramatiske dagen 9. april 1940.

Greibrokk var vernepliktig offiser, og deltok i det lite ærerike felttoget i Setesdal. Seinare kom han med i motstandsrøyrsla, i major Laudal sin organisasjon. Han vart arrestert av tyskerane då Laudal-organisasjonen blei rulla opp. Han sat i tysk fangenskap i 2 1/2 år, som NN-fange. Det han leid og måtte gå gjennom der ville han helst ikkje tale om.

Etter krigen busette han seg i Kristiansand saman med kona Sigrid Greibrokk. Helsa hadde fått seg ein knekk. Men i to år var han sjef for stabskompaniet på Gimlemoen. I 1947 blei han lektor ved lærarskulen i Kristiansand. I 1951 søkte han avskil.

Greibrokk var ein kunnskapsrik og vidsynt mann med mange interesser. Målsaka og ungdomsarbeid var hjartesaker. Han var i mange år leiar for ei sams "skrivarstove" for Vest-Agder Mållag og Vest-Agder Ungdomslag, og som skrivar for mållaget i Kristiansand. Han var også glad i lyrikk. Ein periode før krigen var han leiar i skilaget Ørnen i Evje.

Greibrokk døydde i Kristiansand 18. juni 1966, og vart gravlagd frå Oddernes kyrkje 23. juni.

Heider[rediger]

  • Æresmedlem i Kristiansand Mållag
  • Æresmedlem i Vest-Agder Mållag

Kjelder[rediger]