Torgeir Berulvson

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgeir Berulvson
Torgeir Berulvson 1508141.JPG
Den vakre minnesteinen over
Torgeir Berulvson på Evje kyrkjegard.
Født: 13. mars 1864
Død: 26. oktober 1950 (86 år)

Torgeir Berulvson var fødd 13. mars 1864Galteland i Evje, og døydde 26. oktober 1950. Han var lærar, folketalar, målmann, fråhaldsmann og mykje meir. Han var levande oppteken av kulturarven, både den åndelege og den materielle. Han glødde for alt framstegs- og kulturarbeid.

Etter folkeskulen gjekk Berulvson amtsskulen for dei indre bygdene i Aust-Agder. Her var han så heldig at han fekk den 16 år eldre sambygdingen Jørgen Løvland til lærar. Etter det gjekk han lærarskulen i Kristiansand, der han vart uteksaminert i 1883.

Berulvson var lærer i folkeskulen i åtte år. I 1885 kom han til Seljord og blei der til 1891. I denne tida var han med på eit kurs på Vonheim folkehøgskule. Han opna då hjarta sitt fullt og heilt for folkehøgskuletanken.

Frå 1891 var Berulvson lærar for ungdom. Det året blei han tilsett ved den ambulerande amtsskulen i Aust-Agder, vestre krins. I 1901 fekk han han Fylkestinget med på at pengane som gjekk til amtsskulen, skulle gå til ein folkehøgskule. Berulvson dreiv etter dette Vigmarka folkehøgskule ved Grimstad i seks år. I 1909 stogga Fylkestinget løyvingane til skulen, og Berulvson gjekk attende til amtsskulen. I 1917 blei han styrar på amtsskulen for dei indre bygdene, som no var blitt lagt fast til Galteland i Evje. Skuleplassen var berre eit steinkast frå barndomsheimen hans.

I 1922 blei Berulvson overlærar på lærarskulen i Kristiansand, der han vart verande til oppnådd pensjonsalder i 1934.

Målreisingsarbeidet var òg ei av dei store hjartesakene for Berulvson. I 1899 var han med og stifta Egde- og Telelaget, eit mållag for Agder-fylka og Telemark. Berulvsom vart sjølv den første leiaren. Då Noregs Mållag blei skipa i 1907, vart Berulvson vald inn i styret som første varamann.

Fråhaldssaka var ein anna stor hjartesak for Berulvson. På sine litt eldre dagar brukte han mykje av arbeidskrafta si på ætteransking, historisk forsking og museumsarbeid. Då han døydde i 1950 var han æresmedlem i Agder historielag.

Trass i alt Berulvson utretta på mange felt i livet, var det truleg som lærar han sette dei finaste merka etter seg. Om dette skriv Olav Arne Kleveland i ein artikkel i Jol i Setesdal i år 2000:

Få har kome på ei meir rett hylle i livet enn Berulvson. Han var som fødd til å vere lærar for ungdom. Og han var ikkje bare ungdomslæraren i timane, og på skulen. Alltid, og til alle tider, brann han for å lyfte ungdom opp, gje dei kunnskapar og hugsmål, gje dei tru på landet og folket og kjærleik til kulturarven.

Det står ei vakker minnestøtte over Torgeir Berulvson på Evje kyrkjegard. Ho er laga av sonen, bilethoggaren Ingemund Berulvson.

Kjelder[rediger]