Galteland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Utsyn frå Åsland mot Galteland og vidare utover den svære sletta som for ein stor del er Evjemoen skyte- og øvingsfelt. Steinsfjell nær Evje sentrum til høgre.
Galteland bnr. 2.
Foto: Geir Daasvatn

Galteland er ein gard (gnr. 50) i Evje og Hornnes kommune, langs Fylkesveg 42 (Arendalsvegen), eit par kilometer aust for Evje sentrum. Garden grensar mot Rosseland i sør-aust, Åneland i nord-aust og Åsland i nord.

Galteland er ein gamal gard, men truleg ikkje mellom dei aller eldste i bygda. Ein reknar med at han kan vere frå folkevandringstida, ca 400-600 år f.Kr. Opphaveleg gjekk garden ned til Otra. Storparten av det som no er Evje sentrum, ligg på Galteland sin grunn. Det same gjer grunnen i bustadfelta Tingberget, Tingbergheia, Grenjå og Kjersti Park.

Oddmund Mogstad vil halde ein knapp på at namnet kjem av galti, hannsvin. Det grunngjev han særleg med at garden er grannegard til Rosseland (hross tyder hest), og at det truleg var ein eikeskog under fjellet som gav eikenøtter. Eikenøtter er grisemat den dag i dag. Namnegranskaren Oluf Rygh er inne på at namnet kan kome av personnamnet Galti, eller og dette som tilnamn.

Frå Galteland går det fylkesveg sør-austover forbi Rosseland, Høgetveit, Lauvland og Øvre Lie til Engesland i Birkenes og Iveland.

På Galteland låg Setesdals ungdomsskule frå 1916 til 1940.

Heimar og bruk[rediger]

Kjelder[rediger]