Vegusdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bnr. 2 på Vegusdal-garden ligg sentralt i Vegusdal-bygda, med kyrkjegarden som næraste nabo.
Kart over gamle Vegusdal kommune med gardsgrenser.

Vegusdal var ein eigen sjølvstendig kommune i Aust-Agder fra 1. januar 1877 med 935 innbyggjarar då heradet blei oppretta. Før dette, frå 1838, var området del av Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt, seinare herad. Kommunen vart slegen saman med Birkenes og Herefoss i 1967, til Birkenes kommune. Vegusdal herad hadde namnet sitt etter garden Vegusdal. Namnet skriv seg truleg frå mannsnamnet Veikolfr.

Vegusdal ligg i den midtre delen av Aust-Agder, på heiedraget mellom Otra-dalføret og Tovdal, og er eit skogdistrikt med kupert terreng og mange vatn. Arealet er 325 kvm2. Høgaste fjelltoppen er Himmelsyna, på grensa mellom kommunane Birkenes, Froland og Evje og Hornnes.

Vegusdal hadde 985 innbyggjarar i 1900, fordelt på 141 gardsbruk. Det største folketalet ein kjenner til, er 1031 i 1931. Folketalet har minka mykje sidan den gong, og er i dag rundt 400.

Vegusdal kyrkjeEngesland blei innvigd i 1867 av biskop Jacob von der Lippe. På garden Vegusdal ligg Vegusdal kapell.

Historie[rediger]

Ljosevatnet. I dette området var det truleg fast busetjing alt i steinalderen.

I 2001 gjorde vegdølen Frode Vellene funn av flint og ei såkalla «Nøstvedøks» ved Ljosevatnet. Øksa er datert til tidsrommet mellom eldre steinalder og yngre steinalder (rundt 3800 f. Kr.). Historikarane hadde tidlegare gått ut frå at det var liten aktivitet i det indre av Agder i steinalderen. Ein meinte at steinaldermenneska på Agder var eit nomadefolk av jegerar og samlarar som primært heldt til ved kysten. Saman med andre arkeologiske funn peikar funna ved Ljosevatnet i retning av at denne oppfatninga må ha vore feil. Det har i staden truleg vore stor aktivitet i Vegusdal i steinalderen, og kanskje også fast busetjing.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]