Jon Løyland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Jon Løyland
Jon O. Løyland ca 1926.jpg
Foto: Frå jubileumsskriftet til Setesdals ungdomsskule 1926
Født: 27. november 1887
Død: 8. juli 1975 (87 år)
Jon Løyland var ein habil fotograf - her motivet «Ingebjorg og Lande-eiki» på eit postkort.

Jon Olsson Løyland (fødd 27. november 1887 på Løyland i Valle, død 8. juli 1975) var lærar og bonde og budde på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Han var lærar mange stader på Agder. Mellom anna var han lærar på Setesdals ungdomsskuleGalteland i Evje 1921-1940. Samstundes var han svært oppteken av kulturhistorie, og han samla folkeminne i ei bok. Han laga og eit manuskript, truleg tenkte han å lage eit framhald av Gamalt or Setesdal, men manuskriptet blei ikkje trykt medan han levde. Fyrst i 2008 kom boka ut, redigert av Leonhard Jansen. Men stoffet han samla, brukte han i talar og foredrag rundt om på Agder. I boka er det ein bolk med bilete som han tok på reisene sine. Han var ein habil fotograf, og etterlet seg ei stor biletsamling som no er på Setesdalsmuseet.

Alt frå starten av Agder Historielag i 1914 kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalsmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloftet. Denne samlinga er i dag overført til Setesdalsmuseet.

Heider[rediger]

Bibliografi[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Leonhard Jansen, Jon Løyland (1887-1975) - Ein kort biografi, i Soger og segner, viser og vers. Folkeminne frå Agder, Agder Historielag, 2008, side 11-20

Eksterne lenker[rediger]