Vestre Hodne

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bruket Nesjordet på Vestre Hodne.

Vestre Hodne er ein gard (gnr. 25) i Evje og Hornnes kommune. Han ligg heilt sør i kommunen, langs vestbreidda av Otra sør for Moisund ned mot fylkesgrensa til Vest-Agder. Plasseringa av garden nede i dalbotnen, på den beste jorda langs Otra, og det naturgjevne namnet, tyder på at han er svært gamal, truleg mellom dei eldste i Hornnes.

Namnet[rediger]

Så seint som 8. desember 2014 gjorde Statens kartverk vedtak om at den offisielle skrivemåten skal vere Vestre Hodne. Dette skjedde etter at Kartverket først hadde gjort vedtak om at skrivemåten skulle vere Vestre Horne. Namnet blir gjerne uttala «Honne» i Hornnes-dialekt. Men mest alle som har familienamn frå garden skriv Hodne. «Horne» er namnet som det går fram også skrive og uttala.

Opphavet til namnet er eit urnordisk ord som kan tyde både hjørne og horn. Her kan hjørne etter det kjennarane meiner passe svært godt. Den dyrka jorda ligg på hjørnet mellom Ærekilen og Otra (Hodnekilen). Tvers over Otra ligg Austre Hodne (Austre Horne) (gnr. 1) i Iveland. Her er og dyrkajorda langstrakte hjørne. Truleg har desse to gardane opprinneleg vore ein gard. Ein kan såleis rekne Hodne for å vere ein namnegard.

Historie[rediger]

Gardsgrensene for Hodne (Horne) i Iveland og Klepp i Evje går over i kvarandre. Det same er det for gardsgrensene mellom Vestre Hodne og Moi i Hornnes. Det skal ikkje vere funne gravhaugar på korkje Hodne-gardane eller Klepp. Men det er eit stort gravfelt på Moi. Oddmund Mogstad spør seg difor om gravfeltet på Moi kan vere felles gravfelt for heile området?

Det er funnen ein runestein ved Fossvik langsmed Fennefossen i Evje, med innskrifta (tyda) «Ånund på Horne eig meg». Truleg har steinen vore eit ankerfeste til ein båt. Dei lærde meiner steinen kan vere frå 1200-1300-talet.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...