Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Noko av innhaldet. Side 37 om Evje og Hornnes Mållag. Handskrift: Rita Flottorp

Med sans for det norske. Glimt frå målreisinga i Evje og Hornnes, med sideblikk på den nasjonale utviklinga er ei fordjupingsoppgåve skrive av Rita Flottorp i samband med grunnfagsstudiet i nordisk ved Høgskulen i Agder 2000/2001. Ho syner, i korte riss, bakgrunnen for målreisinga i Noreg frå 1814 og fram til vår eiga tid, med utgangspunkt i landsmålet (nynorsk).

Den første delen av oppgåva tek føre seg målreisinga på riksplan. Det er i denne delen ikkje lagt vekt på å gå så mykje i djupna, men heller peike på dei faktorane som mest har vore med på å påverke og prege målreisingsarbeidet. Den andre delen av oppgåva omtaler lokalhistorie frå Evje og Hornnes. Denne delen er skrive i samarbeid med Olav Arne Kleveland og Torgrim Dåsnes.

Oppgåva er trykt opp i 2001. Heftet har 44 s. Det er noko så sjeldan som handskrive av forfattaren sjølv. Bileta er henta frå Alf Georg Kjetså si rikhaldige samling. Evje og Hornnes Sogelag og Evje og Hornnes Mållag støtta utgjevinga økonomisk. Skriftet er å få tak om ein vender seg til forfattaren.

Innhald[rediger]

  • Den historiske bakgrunnen
  • Det tidlige målstrevet
  • Målrørsla
  • Organisasjonsarbeidet
  • Tida etter unionsoppløysinga
  • Okkupasjonstida
  • Etterkrigstida
  • Gjennombrotsarbeidet i Evje og Hornnes
  • "Sysvorti" - Norsk Barneblad
  • Setesdal Ungdomsskule
  • Hornnes Landsgymnas
  • Lag og foreiningar
  • Evje og Hornnes Mållag
  • Landsmålet elles