Tarald Nomeland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tarald Nomeland | ||
---|---|---|
Født: | 12. juli 1900 | |
Død: | 14. april 1987 (86 år) |
Tarald Nomeland (fødd 12. juli 1900, død 14. april 1987) budde på Nomeland i Valle. Han var lærar, lokalpolitikar og lokalhistorikar i Valle. Han sat i Valle kommunestyre i mange år og var ein ivrig debattant i aviser. Under andre verdskrigen vart han arrestert og sendt til Grini. Han kom heim 11. mai 1945.
Før han begynte på lærarskulen, var han lærar på Oveinang skule. Han begynte der i 1916 og var til 1918. Så gjekk han på lærarskulen i Kristiansand. Frå 1921 var han lærar på Åmli skule.
Familie
Foreldra til Tarald Nomeland var Gro O. Nomeland og Kjetil T. Nomeland. Han var gift med Sigrid Pålsdotter Dale. Dei fekk barna Gro Nomeland Gjerden, Birgitt Nomeland, Kjetil T. Nomeland og Pål Nomeland.
Bibliografi
- Lund-slekta i Valle-Setesdal 1872-1972 Utgjeven av Sverre Lund 1973
- Frå året 00 til 81. Minneoppgåve trykt i Agder Historielag Årsskrift nr. 62, side 84 til 97
- Pål Nomeland: Sumt frå livet mitt. Artiklar, dikt og forteljingar frå kvardagsliv, helg og høgtid, krigsår og spesielle oplevingar
Kjelde
- Omtale i Folkefest frå fjell til fjord 2011 ISBN 978-82-92920-25-1 side 245
- Sigurd Haugsgjerd: Tidsbilete frå Valle. Artikkel i Setesdølen nr. 81, 2012 side 3
- Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle side 602