Oluf Jetlund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Oluf Jetlund
Oluf Jetlund.jpg
Foto: Hangaard
Født: 27. februar 1870
Død: 4. oktober 1949 (79 år)

Oluf Svensson Jetlund (fødd 27. februar 1870 i Nord-Fron, død 4. oktober 1949 i Kvam i Sør-Fron) var styrar på Setesdals ungdomsskule frå 1908 til 1917. Han hadde permisjon det første halvåret, hausten 1908 var difor Peder Kristian Knutson vikar. Han hadde også permisjon 1913-1916, då var Gunnstein Greibrokk vikar første året og Peder Knutson dei to neste. Jetlund tok over etter Torleif Homme, etter han kom så Torgeir Berulvson.

Før han kom til Setesdal, hadde Oluf Jetlund vore lærar på amtskulen i Elverum 1906-07 og konstituert styrar på amtskulen i Nedenes året etter. Han hadde også vore lærar i København.

Oluf Jetlund var seminarist og hadde også studert på Danmarks lærarhøgskole. Han gifta seg i 1907 i Bamble kirke med Ragna Hansine Jetlund (født Hellesø) frå Langesund.

Kilder[rediger]