Sigrun Smeland
Sigrun Smeland![]() | ||
---|---|---|
Født: | 23. juni 1936 (86 år) |
Sigrun Smeland (fødd 23. juni 1936) er pensjonert lærar og bur på Jortveitmoen i Hornnes. Ho tok lærarutdanning i vaksen alder, Kristiansand lærarhøgskule i 1982. Ho har også årseining i spesialpedagogikk. Skuleåret 1982-1983 var ho lærar ved Grendi skule i Bygland. Frå hausten 1983 til ho gjekk av med pensjon var ho tilsett ved Hornnes barneskule.
Sigrun Smeland har gjort ein eineståande frivillig innsats i lokalsamfunnet. Ho har vore leiar av Hornnes Sanitetslag i fleire årtider, og er påskjøna med Kongens Fortenstmedalje for dette arbeidet. Ho har også vore med og arrangert Hornnesmarsjen i mest alle år sidan marsjen tok til på slutten av 1970-talet.
Utmerkingar[rediger]
Kjelder[rediger]
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 1990, s. 475