Ingebjørg Vegestog Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ingebjørg Vegestog Homme
Født: 7. oktober 1930
Død: 16. juni 2016 (85 år)

Ingebjørg Vegestog Homme (fødd 7. oktober 1930, død 16. juni 2016) samla gjennom åra tusenvis av fotografi frå Valle og Setesdal og tok vare på dei for ettertida. Dei fyrste åra Setesdølen kom ut, arbeidde ho i mørkeromet for avisa. Kvart år leverte ho bilete til kalenderen som Valle bygdekvinnelag gjev ut. Ho var og aktiv i bygdekvinnelaget sitt arbeid med å ta vare på tradisjonar som medforfattar av bøker som laget har gjeve ut.

Når det gjeld Setesdalsbunaden var Ingebjørg Vegestog også ein ressursperson. Ho sauma bunader sjølv for sal gjennom Setesdal Husflidsentral og ho heldt kurs i stakkesaum frå Bygland til Bykle.

Ingebjørg Vegestog vart fødd i Åmli. Syster hennar var kvedaren og folkedansaren Torbjørg Åmlid Paus, og Ingebjørg var sjølv aktiv kvedar og deltok på kappleikar i mange år.

Ho var gift med Tarald Homme, som døydde før henne. Ho etterlet seg barna Dag Homme, Hugo Homme og Siw Homme, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Graverda var frå Valle kyrkje tysdag 28. juni 2016 klokka 13.

Heder[rediger]

Bibliografi[rediger]

  • Bunader i Aust-Agder: Setesdal / Torbjørg Aamlid Paus og Ingebjørg Vegestog Homme. Kristiansand 1979

Kjelder[rediger]