Olaf Kallhovd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olaf Kallhovd
Født: 23. mars 1866
Død: 5. november 1953 (87 år)

Olaf Kallhovd (fødd 1866, død 1953) var lærar og lokalpolitikar i Hornnes.

Olaf Kallhovd tok eksamen på Kristiansand seminar i 1883. Han var lærar i Hornnes frå 1887 til 1931 (44 år). Han var ein særs aktiv lokalpolitikar, og sat i kommunestyret i 30 år. I 12 år var han ordførar. I tillegg hadde han dei fleste kommunale tillitsombod i kortare eller lengre tid.

Kallhovd var ein av føregangsmennene for landsmålet i Hornnes. Noko av det første han foretok seg som ordførar, var å kome med framlegg om at protokollen i kommunestyret skulle førast på landsmål. Dette blei realisert frå 1. januar 1908. Han var også frå 1914 engasjert i arbeidet med å få reist eit landsgymnas på Hornnes. Frå 1915 var han formann i arbeidsnemda som skulle arbeide for å få gjennom saka. I 1918 blei det skipa eit privat landsgymnas i Hornnes. Arbeidsnemda, med Olaf Kallhovd som formann, blei det første styret for skulen. Frå 1922 overtok staten drifta av landsgymnaset. Olaf Kallhovd er tvillaust den som har gjort mest til at Hornnes landsgymnas blei røyndom, heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.

Utmerkingar[rediger]

Kjelder[rediger]