Sigurd Helle

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigurd Helle
Født: 6. september 1920
Død: 21. april 2013 (92 år)

Sigurd Gunnarson Helle (fødd 6. september 1920) vaks opp i Hylestad. Han gjekk på Hornnes landsgymnas og studerte så ved Universitetet i Oslo, der han vart cand.mag. i 1948. Året etter vart han tilsett som landmålar ved Norsk Polarinstitutt med oppgåver innan astronomisk posisjonsfastsetjing, triangulering, jordmagnetisme og tidevannsmålinger. Han deltok i feltarbeid innan dette til 1985. I perioden 1956-1960 leidde han gjennomføringa av den norske antarktisekspedisjonen til Dronning Maud Land.

Setesdalslaget i Oslo[rediger]

Sigurd Helle har vore aktiv i Setesdalslaget i Oslo i alle åra han har budd der. Etter at det gamle laget vart lagt ned i 2005, har han invitert den gamle kjernen av utflutte setesdølar til møte i heimen sin, der siste møte vart halde fredag 14. oktober 2011. På det møtet deltok mellom andre Anne Kallhovd, Gunlaug Kummen Urnes, Birgitt Bakke-Eidså, Kari Harstad, Knut Trydal, Olav Bø, Margit Sagneskar og Svein Tveiten.

Setesdal sett med kunstnarauge[rediger]

På slutten av 1960-talet kjøpte Sigurd Helle stoga Dorgheim etter Axel KroghLangeid. Han var son til Asor Hansen, og med på handelen var mange av faren sine bilete. Sidan vart det ei stor samling bilete med motiv frå Setesdal. Den siste tilveksten kom då samlinga av bilete etter numedølen Anstein Risteigen vart lagd ut for sal. Han var gift med Tora Viki frå Valle, og mange av motiva var frå tida då han var mykje i Valle og malte. Mange av bileta frå samlinga er no deponerte på Setesdalsmuseet. Sommaren 2012 vart dei stilte ut i utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge.

Heder[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]