Olaus Thortveit

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olaus Thortveit
Født: 1. oktober 1872
Død: 15. juni 1917 (44 år)

Gunnar Olaus Thortveit (fødd 1872, død 1917) var bonde, handelsmann, feltspateksportør og mineralsamlar frå Iveland. Mineralet thortveititt er kalla opp etter han.[1] Thortveit hadde stor interesse for mineral, og synte fram steinsamlinga si mellom anna på jubileumsutstillinga for Grunnloven i Kristiania i 1914. Etter utstillinga gav han steinsamlinga til Mineralogisk institutt på Universitetet. Han mottok Kongens Fortenstmedalje i gull for innsatsen sin for den geologiske vitskapen. Ein kan seie at han var «gründeren» i Iveland si gruvedrift.[2]

Livslaup[rediger]

Olaus Thortveit var fødd på garden Tortveit i Iveland. Han blei gift i 1895 med Gina Gunnarsdotter Rosaas. Dei fekk tre born saman.[3] Dei budde nokre år på Iveland jarnbanestasjon. Seinare tok Thortveit til med landhandel i Møllebakken på Skaiå, og dei budde i Solheim rett ved. I tillegg til landhandel handla han med trelast, og bygde også opp ei stor eksportforretning av feltspat og sjeldne mineral.[4] Frå 1909 eigde familien gard på Rossås, der kona kom frå. Men dei skal ikkje ha flytta opp dit før i 1914.[5]

Thortveit fungerte som ordførar i Iveland i tre år frå 1913, då den valde ordføraren tok sete på Stortinget. Han var flink med tal, og fungerte som revisor for fleire verksemder. I mange år var han kasserer i Iveland Sparebank.[6]

Olaus Thortveit fekk tuberkulose. Då han fekk Kongens Fortenstmedalje i 1914 var han så merkt av sjukdom at han ikkje såg seg i stand til å reise til Kristiania for å takke Kongen for medaljen.[7] Han kom på sanatoriet på Landeskogen i Grendi rundt 2015/2016. Gruveaktiviteten blei det slutt på. I 1917 døydde han, bare 44 år gamal.

I 1996 blei det avduka eit minnesmerke over Olaus Thortveit i MineralparkenHornnes.

Historia bak thortveititten[rediger]

I 1903 var polarforskaren Per Schei i Evje og fann eit mineral han då trudde var epidot. Seinare synte det seg at det var thortveititt. I 1910 vitja Olaus Thortveit arbeidarane sine ved ei lita gruve i Knipane på Ljosland i Iveland. Tellef Fjermedal og Notto Senum skal ha vore to av desse. Thortveit blei då synt ein stein med eit mineral som virka ukjend for arbeidarane. Thortveit fatta interesse for mineralet, som han ikkje hadde sett tidlegare og sende ein prøve til professor J. Schetelig ved Mineralogisk-Geologisk Museum i Oslo til analyse.[8] Resultatet var eit heilt nytt mineral i verda, som av Schetelig vart kalla thortveititt etter innsendaren.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

<references>
  1. Iveland V. Gruvedrift, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 2007, side 83-84
  2. Gruvedrift, side 111
  3. Gruvedrift, side 238
  4. Gruvedrift, side 92-93
  5. Gruvedrift, side 94
  6. Gruvedrift, side 241
  7. Gruvedrift, side 239
  8. Gruvedrift, side 100