Sigmund Monen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigmund MonenSymbol unrelated.svg
Sigmund Monen 041116 (6).jpg
Sigmund 4. november 2016.
Født: 29. august 1940 (84 år)

Sigmund Andreas Monen (fødd 29. august 1940) er pensjonert adjunkt. Han arbeidde ved Evje barneskule, men han er mest kjent som pådrivar for å få etablert eit bygdemuseum i kommunen. I dette arbeidet kom han i kontakt med steinmannen Theodor Gautestad og var sjølv interessert i stein og mineralar. Mykje av innsatsen hans var knytt til å sikre dei verdifulle minerala i museet sine samlingar. Sjølv om Monen er pensjonist, er han framleis svært aktiv innan kulturlivet i kommunen.

Bakgrunn

Familien til Sigmund Monen kjem opphaveleg frå Tovdal i Åmli. Foreldra var Gunnar G. Monen (1905–1975) og Emma N. Monen (fødd Gautestad). Dei gifta seg i 1939. Gunnar hadde småbruket Monen på Austenå i Tovdal, men flytta til Evje der kona kom frå. I 1972 skøyta han Monen over til sonen. Sigmund har vore mykje på Austenå om sommarane.

Forfattar

I 2016 gav Evje og Hornnes kommune ut eit monumentalt verk med i alt tre bøker om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Hovudvekta er på arbeidarhistorie frå Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk. Sigmund Monen er forfattaren bak bøkene. Dei bygger mykje på eit omfattande intervjuprosjekt han gjennomførte med mange gruve- og verksarbeidarar 1970–1986. Etter det brukte han mange år på å skrive ut intervjua og sette opplysningane saman til det praktverket som bøkene er blitt.

Heider

15. februar 2008 vart han tildelt Kongens Fortenstmedalje i sølv av ordførar Bjørn Ropstad ved eit arrangement på Evje og Hornnes museum, Fennefoss. På diplomet stod det at han var lektor, men det ville han ikkje at det skulle stå. Difor sende han det tilbake til kongen. Kongen gjorde om avgjerda om å gje han sølv og tildelte ved nytt vedtak 25. mars 2008 Kongens fortjenstmedalje i gull. Denne fekk han tildelt 25. november 2008 av konstituert fylkesmann Svein Åril.

Kjelder

  • Setesdølen 25. november 2008 side 13
  • Åmli ætt og heim, bind I om Tovdal, utgjeve av Åmli bygdeboknemnd, 1977, side 177–178

Eksterne lenker