Mikkjel Skjevrak (1881-1956)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikkjel Skjevrak
Mikkjel Skjevrak.jpg
Født: 30. september 1881
Død: 20. mai 1956 (74 år)

Mikkjel Skjevrak (fødd 30. september 1881, død 20. mai 1956)[1] var ein bonde, bankmann og forfattar frå garden Knutstog (br.nr. 3) på Longerak i Bygland. Han fekk i 1951 Kongens Fortenstmedalje i gull.[2]

I 1914 tok han over garden etter foreldra Mari Gunnsteinsdotter Longerak og Sveinung Skjevrak, og seks år etter vigde han med Mari Neresdotter Skreland (1896–1938). Dei fekk borna Mari, Sveinung, Anne og Neri. Fire år etter at Mari døde vigde han med Ragnhild Gunsteinsdotter Frøyrak (1905–1985). Mikkjel dreiv garden fram til 1946 då sonen Sveinung overtok han.[3]

Lokalhistorikaren og museumsmannen

Då det nye kommunehuset på Bygland stod klart til bruk i 1937, blei Mikkjel medlem i nemda som skulle avgjere kva som skullle skje med det gamle. Det var ei røykstoge som ble flytt frå Haugen i Åraksbø til Haugå i 1897. I nemda arbeidde han saman med Ånund Skomedal, Gunnar Haugå og Kristian Stubseid. Resultatet vart etter kontakt med arkitekten Halvor Vreim hjå Riksantikvaren at huset skulle setjast i stand som årestoge, og bygjast opp att bak det nye kommunehuset. Med dette var han med å leggja grunnsteinen til Bygland Museum.[4] I 1946 blei han vald til formann i bygdesogenemda som skulle arbeide med eit tillegg til Byglandsoge som kom ut i 1939, og i 1952 kom Gards- og ættesoge for Bygland ut.

Bibliografi

  • 1940: Litt om småfuglane våre, Fædrelandsvennens trykkeri, Kristiansand. Boka på bokhylla.no
  • 1945: Åkernamna på Agder og andre stader
  • 1948: Småfuglane våre, Sørlandsforlaget i Arendal, utgitt på bokmål og nynorsk.
  • 1948: A/S Byglandsfjord Dampsag & Høvleri gjennom 50 år : 1898 - 1948
  • 1952: Stølsnamna i Setesdal : med eit tilleg og jamføring med stølsnamna i Åseral, Gjevdal, Tovdal og Åmli
  • 1953: Bjørn og varg på Agderbygdene og Vest-Telemark i eldre tid, Kristiansand

Referansar

  1. Informasjon i Gravminnesøk på disnorge.no
  2. VG 9. oktober 1952, side 2
  3. Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland s. 361–362 utg 1952
  4. Om Bygland Museum på Setesdalsmuseet sine nettsider

Eksterne lenkjer