Sverre Lund

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sverre Lund
Født: 1. desember 1910
Død: 30. august 2011 (100 år)

Sverre Lund (fødd 1. desember 1910, død 30. august 2011) i Valle var handelsmann i Valle sentrum. Han bygde butikken sin i 1938 og var handelsmann der til 1982. I dag er det Joker Valle som driv butikk i lokala.

Biografi[rediger]

Sverre Lund var nest yngst i barneflokken til lensmann Juel Lund og kona Jorånd Lund. Før han etablerte seg i Valle, hadde han arbeidd på butikkar både på Vatnestrøm og Birketveit i Iveland. Sidan kom han heim til Valle og arbeidde eit par år i butikken til onkelen Søren Sverdrup Lund (1872) før han fekk sin eigen butikk. I åra som handelsmann la han ned eit stort arbeid for KØFF på landsplan og regionalt plan. Han og kona Inger, som han var gift med i nesten 60 år, budde oppe på butikken i alle år, men då han avslutta, flytta han inn i nybygd hus i Leite.

Utanom jobben var Sverre Lund engasjert i mykje frivillig arbeid. Han var klokkar i Valle kyrkje i 32 år. Han var ei av eldsjelene i samband med dei årvisse internatmøta i Valle, eit tiltak som vart arrangert av indremisjonen i nærare 40 år. Han var ivrig leiar i yngresarbeid og anna arbeid på Valle menighetshus. Han har og vore ivrig i arbeidet for å få bygd Skafsåheii fjellkyrkje, som i dag er reist ved Hallbjønnsbekken etter mykje dugnadsarbeid. Sverre Lund var og med i oppstarten av Valle pensjonistforening, og var leiar i mange år.

Trimming ved spasering har vore viktig for han, så i Valle pensjonistforening var det kvart år eit møte der ein delte ut Den gyldne spaserstokk til folk som gjekk turar.

Inger og Sverre hadde fire born, Nils Lund, Jorunn Lund Tveit, Karen Aamlid og Hildeborg Lund, som alle levde etter han saman med svigerbarn, barnebarn og oldebarn. Gravferda var frå Valle kyrkje fredag 9. september 2011 klokka 12. Like kjært som blomar var ei gåve til Normisjon. Etter gravferda var det minnestund på Valle Motell.

Heder[rediger]

For sitt store samfunnsengasjement fekk Sverre Lund Kongens Fortenstmedalje.

Bibliografi[rediger]

  • Valle indremisjon 100 år 6. januar 1892- 6. januar 1992 ISBN 82-992468-0-6

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]