Gerhard Haukom
Gerhard Haukom | ||
---|---|---|
Født: | 22. april 1901 | |
Død: | 6. september 1978 (77 år) |
Gerhard August Olson Haukom (fødd 1901, død 6. september 1978) var lensmann i Evje frå 1938 til 1971, og frå 1953 også i Hornnes. Han var gift med Gunhilde Haukom (fødd Hansen) frå Hornnes. Dei hadde to born saman.
Haukom gjekk underoffisersskule i Kristiansand i 1919-1922. Frå 1922 til 1930 var han sersjant ved Telemark regiment. I 1930 vart han overflytta til Agder regiment som fenrik, og han blei utnemd til løytnant i 1936. Han tok eksamen artium i 1927 og politiskulen i 1929. I 1933 blei han tilsett som lensmannsbetjent under lensmann Henrik Moseid i Hornnes og var der til 1937. Ei tid var han lensmannsbetjent i Søgne og Greipstad. 11. april 1938 blei han tilsett som konstituert lensmann i Evje, og fast tilsett i januar 1939. Det var såleis Haukom som fekk den vanskelege oppgåva med å vere lensmann i Evje under 2. verdskrigen.
Frå 8. april 1953 fekk Gerhard Haukom også ansvaret for Hornnes lensmannsdistrikt. 1. august 1955 blei Evje lensmannsdistrikt og Hornnes lensmannsdistrikt slegne saman. Frå då av var Haukom lensmann for begge kommunane.
Heider
Då Gerhard Haukom gjekk av som lensmann 1. mai 1971 vart han heidra med Kongens Fortenstmedalje i sølv.
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 230-232
- Gravminner i Norge fra DIS-Norge, Slekt og Data; Evje