Tarkjel K. Austad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarkjel K. Austad
Født: 11. juli 1853
Død: 18. mars 1947 (93 år)

Tarkjel K. Austad (1853–1947)[1], fødd og busett på Søndre AustadAustad, var ordførar i Bygland i åra 1908–1911. Han var med i Bygland kommunestyre i 27 år og var bankkasserar i Bygland sparebank i 35 år. Han hadde mange kommunale ombod og var med i skulestyre, forliksråd og som takstmann. Som likningssekretær slutta han først då han var 85 år. I 1937 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for samfunnsnyttig arbeid.[2] Han døydde 18. mars 1947.[3]


Referansar[rediger]

  1. Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge Bygland, «Austad syndre, gnr. 14» s. 103. Bygland bygdesogenemnd 1952
  2. Andres Helle: Kroning i Nidarosdomen 1906. Artikkel i Jol i Setesdal 2006 side 12-15
  3. Opplyst av Andres Helle i epost 23. januar 2019 etter besøk på Austad kyrkjegard


Forgjenger:
 Aasulv Lande 
Ordførar i Bygland
(1908–1911)
Etterfølger:
 Aasulv Lande