Torgeir G. Abusdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgeir G. Abusdal
Født: 8. februar 1879
Død: 11. mai 1964 (85 år)

Torgeir Gunnarson Abusdal (fødd 8. februar 1879 og død 11. mai 1964) var handelsmann i Dåsnes og ein markant lokalpolitikar i Hornnes i ei årrekkje.

Torgeir Abusdal var son til landhandlar Gunnar O. Abusdal og Olaug Abusdal (fødd Kjetså). Han tok artium og byrja å studere vidare. Men då faren døydde i 1903 tok han over forretninga i Dåsnes. Butikken var på same eigedomen som Joker Dåsnes i dag held til.

Abusdal var med i heradsstyret i Hornnes i 30 år samanhengande, frå 1908-1937. Han var ordførar i 18 år (1914-1916 og 1919-1934), og hadde mange andre kommunale tillitsverv. Han hadde og mange verv i politikken i fylket, der han ei tid var formann i fylkestinget. Han var varamann til Stortinget i 1927-1932.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]