Sigbjørn Kjetså

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørn Kjetså
Sigbjørn Kjetså 210810-2.jpg
Sigbjørn 21. august 2010.
Født: 8. februar 1931
Død: 27. oktober 2017 (86 år)

Sigbjørn Kjetså (fødd 8. februar 1931, død 27. oktober 2017) var bonde på Hornnes. Han og broren Arnar Kjetså var mest kjende for jordbærdyrking. I mange år hadde dei jordbæråkrar der folk kunne kome på sjølvplukk, på det meste var det 220 mål med jordbær. Sidan satsa dei på moreller og plommer, morellene kalla han fiasko sjølv om han i 2011 framleis hadde 500 tre. Plommedyrkinga med 1500 tre har kasta meir av seg.

Dei første barneåra budde han på Fjellestad i Hornnes, men frå 1936 har familien budd like ved jernbanestasjonen på Hornnes. Som ung arbeidde han ei tid på sagbruket på Hornnes før han og broren starta å drive garden saman. I perioden dei dyrka jordbær, hadde dei og mange folk i arbeid når bæra skulle haustast. Ein periode dyrka dei og poteter.

I tillegg til å vere aktiv bonde, var Sigbjørn Kjetså også aktiv i Hornnes skyttarlag og var formann der i 30 år. Då «nye» Hornnes stadion blei bygd frå 1976-1978, og Otrahallen vart oppført 1984-1985, var han og svært aktiv i dugnadsarbeidet for å få desse anlegga bygde. Artikkelen Sigbjørn Kjetså - Multitalent og anleggsbyggar har meir om dette.

Far til Sigbjørn var Knut Salveson Kjetså (f. 1887, d. 1940). Mora var Kari A. Kjetså (f. Fennefoss, d. 1953).

Heider

Kjelder