John N. Hornnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
John N. Hornnes
Født: 18. juni 1836
Død: 6. juli 1917 (81 år)

John Nottoson Hornnes (fødd 18. juni 1836 og død 6. juni 1917) var bonde, postopnar og lokalpolitikar i Hornnes. Han var gift med Åsa G. Hornnes (fødd 1848, død 1884).

John N. Hornnes var gardbrukar og overtok bruket Haugen i Hornnes-garden då han vart myndig i 1857. Han var særs interessert i både skogen og gardsstellet. Men han hadde mange interesser elles. Han sat i styret for Nedenes Amts Skogselskap 1898-1910. Han var postopnar i Hornnes i 52 år (1865-1917). Han sat i heradsstyret i fleire år. Han var ordførar i Hornnes kommune 1879-1881 og varaordførar 1885-1888. Han var medlem av forstandarskapet i Evje og Hornnes Sparebank 1864-1899, med i styret i banken i seks år og i kontrollnemda i fire år.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]