Torgeir T. Haugen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torgeir T. Haugen
Født: 10. mars 1889
Død: 4. april 1975 (86 år)

Torgeir Torbjørnson Haugen (fødd 1889, død 1975) var vegoppsynsmann, lokalpolitikar og kulturberar. Han var frå gardsbruket Søndre Haugen bnr. 1 i Åraksbø i Bygland. Men som følge av jobben som vegoppsynsmann i Statens vegvesen i Vest-Agder, flytta han etter kvart til Halse ved Mandal og busette seg der. Kona Tore Torsdotter Haugen (fødd Borgi1880, d. 1974) var igjen heime og stelte born, hus og gard. Torgeir var ordførar i Halse og Harkmark både før og etter 2. verdskrigen, i til saman åtte år. Under krigen var han med i Heimefronten.

Torgeir gjekk av som vegoppsynsmann i 1957. Han flytta heim til Bygland igjen. Han var med i kommunestyret i mange år. Han var aktiv i Bygland ungdomslag og Bygland Mållag. Han var formann i Sandnes forliksråd og Sandnes Bondelag. Han var også interessert i folkemusikk, og var aktiv i Setesdal Spelemannslag i mange år.

I 1960 blei Torgeir T. Haugen heidra med Kongens Fortenstmedalje i gull.

Foreldra til Torgeir var Torbjørn Gunnulvson Haugen (f. 1851, d. 1933) og Anne Tarjeisdotter Haugen (f. Sandnes 1868, d. 1950).

Kjelder[rediger]