Tellef G. Stien

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tellef G. Stien
Født: 3. august 1886
Død: 1954 (alder 67–68)

Tellef Guttormsen Stien (fødd 3. august 1886, død 1954) var kasserar og kontorsjef på Evje nikkelverk, disponent i Norsk Feltspat Co og kommunepolitikar i Evje i ei årrekke.

Tellef G. Stien kom frå gardsbruket Stien heilt sør i Evje, på grensa mot Iveland. Han var først tenestegut hos lensmann Olav Galteland frå 1907. I 1909 begynte han som materialforvaltar på Verket. Han gjekk i nokre månader på Treiders handelsskule i Oslo. I 1912 blei han kasserar og kontorsjef for Evje Nikkelverk AS. Han hadde også gått på Amtsskulen for Setesdal.

Stien var mellom skiparane då Norsk Feltspat Co blei stifta i 1913, og han var med i dette selskapet så lenge han levde. Frå 1927, då drifta i Evje nikkelgruve kom i gang att, blei dei andre leiarane i selskapet meir opptatt der, og Stien fungerte som disponent i Feltspatkompaniet i åra som følgde. Han var kjent for å ha ei enorm arbeidskraft, og kom på mange måtar til å vere drivkrafta i Feltspatkompaniet til etter andre verdskrigen.

Tellef G. Stien hadde ei stor interesse for skogskjøtsel og skogdrift. Han tok godt vare på skogen som Verket eigde. Då drifta i Flåt nikkelgruve og på Verket stoppa for godt i 1946, overtok Evje kommune store skogeigedomar. Stien fekk ansvaret for desse. Etter at gruva og Verket var lagt ned, planta han igjen den fem kilometer lange trasèen der Langeline taubane hadde gått. Han prøvde også å kle sletta utover mot Verket med skog. Der såg det ut som ein ørken etter at industriverksemda var slutt. Under og etter andre verdskrigen vaks det opp ein god bjørkeskog utover slettene her. Seinare kom ulike byggeprosjekt, og skogen til Stien blei fjerna igjen.

Då gruva og Verket blei lagt ned, blei store eigedomar seld frå Raffineringsverket AS til Evje kommune. Tellef G. Stien sat i kommunestyret på denne tida, og hadde vore kontorsjef på Verket i ei årrekke. Fleire meiner at Stiens sin innsats i desse åra var ei årsak til at kommunen fekk overta så store delar av gruveselskapet sine eigedomar.

Stien var ein svært aktiv kommunepolitikar, og sat i kommunestyret i Evje i 24 år. Han var med i dei fleste kommunale nemnder og utval i løpet av desse åra. Han døydde i 1954.

Tellef G. Stien var gift med Marit (fødd Roland). Dei hadde dottera Gudny Marit Hommen. Foreldra til Tellef var Birte og Guttorm Tellefsen.

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]