Kåre Tjessem
Hopp til navigering
Hopp til søk
Kåre Tjessem | ||
---|---|---|
Født: | 8. november 1943 (81 år) |
Kåre Jan Tjessem (fødd 1943) har drive entreprenørverksemda Evje Bygg AS med dotterselskapet Evje Trelast AS i over 30 år. I 2012 selde han, via eigarselskapet Evje Bygg Invest AS, alle aksjane i Evje Trelast til E. A. Smith AS (Bygger`n-kjeda).
I tillegg til den omfattande næringsverksemda, har Kåre vore aktiv i det lokale kulturlivet med sangen sin, han har vore med i både små visegrupper, store kor og lokale revyar. I spelestykket om Jørgen Løvland som vart framført på Evje i samband med hundreårsmarkeringa for unionsoppløysinga med Sverige, spelte han rolla som statsminister Jørgen Løvland.
Han har vore innvald i Evje og Hornnes kommunestyre for Arbeiderpartiet og er også med i den lokale avdelinga av Lions på Evje.
Heider
- Kongens Fortenstmedalje tildelt 17. mai 2011.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Kongeleg medaljedryss i Evje og Hornnes 17. mai. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2011 side 8