Fjellmannsvegen: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
 
(15 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste)
Line 1: Line 1:
[[Fil:Bykil 1975.jpg|miniatyr|høyre|[[Bykil]] i [[Bykle]]. Her kom byklarane ned frå [[Byklestigen]] og nærma seg endeleg heimstaden att. {{Byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
[[Fil:Bykil 1975.jpg|miniatyr|høyre|[[Bykil]] i [[Bykle]]. Her kom byklarane ned frå [[Byklestigen]] og nærma seg endeleg heimstaden att. {{Byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
'''Fjellmannsvegen''' er den eldgamle ferdslevegen mellom [[Setesdal]] og kyststroka rundt [[:no:Kristiansand|Kristiansand]]. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen» eller bare «Dalevegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette.  
'''Fjellmannsvegen''' er den eldgamle ferdslevegen mellom [[Setesdal]] og kyststroka rundt [[Kristiansand]]. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen» eller bare «Dalevegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette. Vegen var viktig for handel og krøterdrift, særleg etter at Kristiansand var grunnlgt i 1641. Bøndene selde skinn, talg, ryper og krøter/slaktedyr m.m. Tilbake kjøpte dei korn, sukker og tobakk m.m.


Vegen var ein [[Rideveg|gang-, ride- og klauvveg]], og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «[[Postvegen]]», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finnast ei lang rekke med kulturminne.
== Rideveg ==
Vegen var ein [[Rideveg|gang-, ride- og klauvveg]], og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «[[Postvegen]]», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finst ei lang rekke med kulturminne.


== Turløype ==
== Turløype ==
[[Fil:Fjellmannsvegen Røyneland Hægeland 220316-2.jpg|miniatyr|høyre|Fjellmannsvegen merka ved Røyneland i Hægeland. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
[[Fil:Fjellmannsvegen Røyneland Hægeland 220316-2.jpg|miniatyr|høyre|Fjellmannsvegen merka ved Røyneland i Hægeland. {{Byline|Geir Daasvatn}}]]
Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta [[Torfinn Normann Hageland]] eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. [[Midt-Agder Friluftsråd]] blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med [[Vennesla|Vennesla kommune]]. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå [[Slettefet]] sør i [[Hornnes]] til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer.
Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta [[Torfinn Normann Hageland]] eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. [[Midt-Agder Friluftsråd]] blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med [[Vennesla|Vennesla kommune]]. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå [[Slettefet]] sør i [[Hornnes]] til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer. I mars 2026 har ei prosjektgruppe med representantar frå [[Vennesla turstigruppe]], [[Midt-Agder Friluftsråd]], [[Oddernes skiklubb]], Vennesla kommune, Øvrebø historielag, Torridal historielag og [[Hægeland sogelag]] søkt om å få godkjent strekninga frå [[Lindåna]] på [[Vestre Hodne]] til [[Mosby]] som ''Historisk rute'' hos DNT/Riksantikvaren.


== Fjellmannsvegen i Kristiansand ==
== Fjellmannsvegen i Kristiansand ==
Frå [[Torridal]] gjekk vegen sørover gjennom [[Gullringsdalen]], forbi [[Strai]] og fram til [[Krossen (Kristiansand)|Krossen]]. Det er ikkje spor att etter Fjellmannsvegen nedanfor Mosby.


== Fjellmannsvegen i Vennesla ==
== Fjellmannsvegen i Vennesla ==
Ridevegen kom frå [[Hornnes]] over [[Lauvåsheia (Hægeland)|Lauvåsheia]] til [[Hægeland]]. Ved [[Einstabland]] delte han seg i Austre Fjellmannsveg og Vestre Fjellmannsveg. Frå Einstabland gjekk den Austre Fjellmannsvegen sørover om [[Åmdal (Hægeland)|Åmdal]], over [[Sandripheia]], ned [[Vormebrokka]] og fram til ein vadestad i austre enden av [[Skarpenglandvatnet]]. Frå her drog ridevegen seg over [[Loland]] og vidare over [[Støleheia]] via Tutlamoen til [[Mosby]]. Litt ovafor Mosby møtte Austre Fjellmannsveg Vestre Fjellmannsveg igjen. Denne austre traseen gjekk stort sett ut av ålmenn bruk i 1770-åra.
Ridevegen kom frå [[Hornnes]] over [[Lauvåsheia (Hægeland)|Lauvåsheia]] til [[Hægeland]]. Ved [[Einstabland]] delte han seg i [[Austre Fjellmannsveg]] og [[Vestre Fjellmannsveg]].  
 
Frå Einstabland gjekk den Austre Fjellmannsvegen sørover om [[Åmdal (Hægeland)|Åmdal]], over [[Sandripheia]], ned [[Vormebrokka]] og fram til ein vadestad i austre enden av [[Skarpenglandvatnet]]. Frå her drog ridevegen seg over [[Loland]] og vidare over [[Støleheia]] via Tutlamoen til [[Mosby]]. Litt ovafor Mosby møtte Austre Fjellmannsveg Vestre Fjellmannsveg igjen. Denne austre traseen gjekk stort sett ut av ålmenn bruk i 1770-åra.
 
Den Vestre Fjellmannsvegen gjekk om lag slik: [[Einstabland]] - [[Bringsverd]] - [[Tjomsås]] - [[Øvrebø kyrkje]] - [[Homstean]] - [[Mosby]]. På Mosby møttest dei to fjellmannsvegane att.  


Sjå også: [https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Fjellmannsvegen_gjennom_H%C3%A6geland_og_%C3%98vreb%C3%B8 Artikkelen om Fjellmannsvegen gjennom Hægeland og Øvrebø på Lokalhistoriewiki]
Sjå også: [https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Fjellmannsvegen_gjennom_H%C3%A6geland_og_%C3%98vreb%C3%B8 Artikkelen om Fjellmannsvegen gjennom Hægeland og Øvrebø på Lokalhistoriewiki]
Line 26: Line 32:
== Kjelder ==
== Kjelder ==
*''Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei'', turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune
*''Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei'', turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune
*[[Torfinn Normann Hageland]], ''Ferdsla i Setesdal i eldre tid'', artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 127-141
*[[Torfinn Normann Hageland]], ''Ferdsla i Setesdal i eldre tid'', artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 127–141
*[[Leonhard Jansen]] m.fl., ''[[Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9]]'', [[Bokbyen Forlag]], 2018
*[[Leonhard Jansen]] m.fl., ''[[Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9]]'', [[Bokbyen Forlag]], 2018
*''Fjellmannsvegen – Setesdølenes ferdselsvei'', søknad om Historisk rute, versjon 1, dagsett 1. mars 2026
*Torfinn Normann Hageland, ''Gamle veger i Torridal'', artikkel i Torridal i forandring, Torridal Historielag sitt temahefte nr. 3/1999, side 27–42


== Referansar ==
== Referansar ==
Line 40: Line 48:
[[Kategori:Turløyper i Vennesla]]
[[Kategori:Turløyper i Vennesla]]
[[Kategori:Ord og uttrykk]]
[[Kategori:Ord og uttrykk]]
[[Kategori:Veier i Setesdal]]
[[Kategori:Fjellmannsvegen]]
[[Kategori:Kulturminner i Evje og Hornnes]]
[[Kategori:Kulturminner i Bygland]]
[[Kategori:Kulturminner i Vennesla]]

Siste versjonen frå 2. mars 2026 kl. 10:17

Bykil i Bykle. Her kom byklarane ned frå Byklestigen og nærma seg endeleg heimstaden att.

Fjellmannsvegen er den eldgamle ferdslevegen mellom Setesdal og kyststroka rundt Kristiansand. Han er også mykje blitt kalla «Dalemannsvegen» eller bare «Dalevegen». Ute ved kysten blei dei som kom frå dalen kalla fjellmenn eller dalemenn, og vegen fekk då naturleg namn etter dette. Vegen var viktig for handel og krøterdrift, særleg etter at Kristiansand var grunnlgt i 1641. Bøndene selde skinn, talg, ryper og krøter/slaktedyr m.m. Tilbake kjøpte dei korn, sukker og tobakk m.m.

Rideveg

Vegen var ein gang-, ride- og klauvveg, og var meir for ein sti å rekne. Han gjekk ikkje nede i dalen slik vegen gjer no, men følgde i staden stort sett heiedraga på vestsida av dalføret. Han var i bruk til den første ordentlege køyrevegen, «Postvegen», blei bygd oppover i Setesdal på 1840-talet. Langs vegen finst ei lang rekke med kulturminne.

Turløype

Fjellmannsvegen merka ved Røyneland i Hægeland.
Foto: Geir Daasvatn

Fjellmannsvegen har lenge vore kjent. Tidleg på 1990-talet starta Torfinn Normann Hageland eit pionerarbeid med å finne att og merke delar av trasèen. Midt-Agder Friluftsråd blei etter kvart kopla inn i arbeidet, og vidareførte arbeidet til Hageland saman med Vennesla kommune. I dag kan ein vandre i fotspora til dei gamle fjellmennene, i merka løype, heilt frå Slettefet sør i Hornnes til Kristiansand, ei strekning på rundt 53 kilometer. I mars 2026 har ei prosjektgruppe med representantar frå Vennesla turstigruppe, Midt-Agder Friluftsråd, Oddernes skiklubb, Vennesla kommune, Øvrebø historielag, Torridal historielag og Hægeland sogelag søkt om å få godkjent strekninga frå LindånaVestre Hodne til Mosby som Historisk rute hos DNT/Riksantikvaren.

Fjellmannsvegen i Kristiansand

Frå Torridal gjekk vegen sørover gjennom Gullringsdalen, forbi Strai og fram til Krossen. Det er ikkje spor att etter Fjellmannsvegen nedanfor Mosby.

Fjellmannsvegen i Vennesla

Ridevegen kom frå Hornnes over Lauvåsheia til Hægeland. Ved Einstabland delte han seg i Austre Fjellmannsveg og Vestre Fjellmannsveg.

Frå Einstabland gjekk den Austre Fjellmannsvegen sørover om Åmdal, over Sandripheia, ned Vormebrokka og fram til ein vadestad i austre enden av Skarpenglandvatnet. Frå her drog ridevegen seg over Loland og vidare over Støleheia via Tutlamoen til Mosby. Litt ovafor Mosby møtte Austre Fjellmannsveg Vestre Fjellmannsveg igjen. Denne austre traseen gjekk stort sett ut av ålmenn bruk i 1770-åra.

Den Vestre Fjellmannsvegen gjekk om lag slik: Einstabland - Bringsverd - Tjomsås - Øvrebø kyrkje - Homstean - Mosby. På Mosby møttest dei to fjellmannsvegane att.

Sjå også: Artikkelen om Fjellmannsvegen gjennom Hægeland og Øvrebø på Lokalhistoriewiki

Fjellmannsvegen i Hornnes

Setesdølar på bytur kom ned frå heia ved Senum, truleg ved Horgeknipen. Så fòr dei sørover Moseidmonane til Birkeland og Fennefoss. Dei kryssa Dåsåna ved Faret og kom til garden Hornnes. Herfrå gjekk vegen vidare til Kjetså. Anten forbi Hornåsen eller over Voilan når elva var så låg at ein kunne vasse over. Frå Kjetså gjekk ein veg vidare om Strauman og austsida av Gullringstjønn til Moi. Ein annan veg gjekk over Hannåsfeltet til Hannåsmoen og Moi. Frå Moi gjekk vegen vidare sørover om Hodneøygard over Lauvåsheia til garden Lauvås i Hægeland.[1]

Fjellmannsvegen i Setesdal

Vestre Trældal 12. juli 2024.

Frå Hornnes fortsatte Fjellmannsvegen (Dalemannsvegen) altså nordover i Setesdal. Han gjekk opp på heia ved Senum, bakom Horgeknipen, om garden Klepp, langs austsida av Sandvatn og Gyvatn, gjennom Vestre Trældal og Skåmedalen til Morstøyl. Han kom ned i dalbotnen ved Ose, gjekk opp på heia igjen ved Uppstad i Hylestad, gjennom Hylesdalen og ned i dalen ved Åmli i Valle. Nord for Hallandsfossen skal det ha vore overro til austsida av Otra.[2] Då hadde byklarane framleis fleire mil å forsere, inkludert Byklestigen, før dei var heime frå byturen.

I Setesdal er dei gamle trasèane ikkje gått opp og merka på same vis som lenger sør.

Kjelder

  • Fjellmannsvegen - en 1000-årig ferdselsvei, turguide med kart utgjeve av Midt-Agder Friluftsråd og Vennesla kommune
  • Torfinn Normann Hageland, Ferdsla i Setesdal i eldre tid, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 127–141
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018
  • Fjellmannsvegen – Setesdølenes ferdselsvei, søknad om Historisk rute, versjon 1, dagsett 1. mars 2026
  • Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Torridal, artikkel i Torridal i forandring, Torridal Historielag sitt temahefte nr. 3/1999, side 27–42

Referansar

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 238
  2. Gamalt or Setesdal II, side 131-132 (ny utgåve)

Eksterne lenker