Mosby

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Noko av Mosby sett frå Auglandskleiva 27. august 2024.

Mosby er ein stad og eit delområde i Kristiansand kommune, i Torridal, om lag 9 km nord for bysentrum i Kristiansand.

Riksveg 9 går gjennom Mosby. Setesdalsbanen gjekk også forbi Mosby, med stopp på Mosby stasjon. Otra var den dominerande trafikkåra mellom Kristiansand og opplandet i eldre tid. Frå Evje nikkelverk kom det nikkelprodukt med hest til Mosby dampskipsbrygge. Derfrå gekk trafikken vidare til Kristiansand med store føringsprammar. I retur blei det frakta kol og koks til smelteverket på Evje. Når setesdølane var på bytur langs Fjellmannsvegen og seinare Postvegen, kunne dei leige båtskyss frå Mosby til Kristiansand.

Kjelder

Kart

Laster kart...