Skåmedalen
Skåmedalen er eit dalføre på heia vest for Skomedal i Bygland. Skåmåni renn gjennom dalen og ned dalsida til Otra frå vest. Sør i dalen ligg det svære myrområdet Skomefita. Det går skogsbilveg (bomveg) bratt opp lia til Skåmedalen frå Riksveg 9 på Skomedal. Frå der vegen sluttar heilt nord i dalen, er det ikkje langt å gå opp til Morstøyl. Derfrå er det veg ned til Ose.
Gamal busetting
Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetting i Skåmedalen. Johannes Skar har skrive mykje om dette i Gamalt or Sætesdal. Det er åkerreiner og merke etter åkrar til dømes i Jørundli, på Longeli og på Ormeholtet. Her er det også rydningsrøyser. Etter nedgangen midt på 1300-talet blei dei gamle gardane støylar, medan folka busette seg nede på den smale jordstripa mellom heia og fjorden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, 2009, side 317–319
- Reidar Tveito, Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra, andre del, side 14–19