Vestre Fjellmannsveg

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Spor etter den gamle ridevegen i Trebukleiva nord for Mosby 27. august 2024. Den første køyrevegen oppover mot Setesdal gjekk også opp Trebukleiva, like ved sida av ridevegen.

Vestre Fjellmannsveg var ei alternativ rute på Fjellmannsvegen, den gamle «byvegen» (ridevegen) til setesdølane, frå Einstabland i Hægeland til Mosby i Kristiansand.

Den Vestre Fjellmannsvegen gjekk om lag slik: Einstabland - Bringsverd - Tjomsås - Øvrebø kyrkje - Homstean - Mosby. På Mosby møttest dei to fjellmannsvegane att.

Denne vestre ruta på Fjellmannsvegen var i bruk til rundt 1832. Då kom det ein enkel køyreveg (kjerreveg) frå Mosby oppover mot Kile i Hægeland som avløyste ridevegen.

Kjelder