Hylesdalen
Hylesdalen er eit lite dalføre som går mest parallelt med Setesdal, vest for Otra, mellom Uppstad i Hylestad og Berg i Valle. På vestsida av Hylesdalen ligg Riskefjell. Fjellet mellom Hylesdalen og Flåni heiter Melfjødd. I nord, frå Berg, går Hylesdalsvegen inn i dalen. Frå sør, frå Uppstad, går Syndre Hylesdalsvegen, med Dalstøylvegen, innover i dalføret. Vegane er bomvegar, der du kan betale nokre få kroner og køyre på dei. Men dei står ikkje i samband med kvarandre. Det er såleis ikkje samanhengande køyreveg gjennom heile Hylesdalen.
Gjennom Hylesdalen, frå nord mot sør, renn Hylesdalsåni. Nord i Hylesdalen (Åmli-Hylesdalen) heiter bekken Holtåni. Den gamle ålmannvegen tok opp ved Uppstad, gjekk gjennom Hylesdalen og kom ned ved Åmli i Valle.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 446
- Karin Bøe, Sogevandringa i Hylesdalen 18. juni 2022. Langs den gamle ålmannvegen mellom Valle og Hylestad, artikkel i Setesdal og setesdølar, 2023, side 7–13