Slettefet
Hopp til navigering
Hopp til søk
Slettefet er ein stad under garden Moi, langsmed Riksveg 9 mellom Vestre Hodne og Moisund i Hornnes. Det ligg eit småbruk på kvar side av riksvegen, i tillegg til nokre mindre bustadeigedomar i området. Nasjonal Sykkelrute nr. 3 går forbi Slettefet. Her tek ruta av frå Rv-9 på veg sørover, og følger ein eldre parsell av Setesdalsvegen forbi Hodnekilen til Hodne sag og tilbake til riksvegen. Rett sør for Slettefet kan ein framleis sjå Tyskarminnevegen, eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong under 2. verdskrig men aldri fullførte.
Historie
Det var i 1850-åra og seinare at fleire bruk blei skilde frå Moi-garden her og fekk eigne bruksnummer.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 526-530
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg - vegar og vegminne langs riksveg 9, utgjeve av Bokbyen Forlag, 2018, side 75 og kart side 196