Hannåsmoen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hannåsmoen januar 2016.
Foto: Geir Daasvatn
Hannåsmoen er ein stad langs Riksveg 9 på garden Hannås ved Moisund sør i Evje og Hornnes. Frå Hannåsmoen går Fv-419 austover forbi Stemhei bustadfelt over Otra til garden Klepp. Litt lenger sør går Fv-301 vestover frå riksvegen mot Hannåsfeltet og vidare til Abusland. På Hannåsmoen låg tidlegare Moi skule. På denne tomta er det nå ført opp eit nytt større bustadbygg (bygd 2015). I same området ligg det også fleire einebustader og eit lite småbruk.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 500-501