Kjetså

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kjetså er ei lita grend vest for Voilan og Breiflå i Hornnes, i Evje og Hornnes kommune. Nabogarden vestover er Tveit og austover Hornnes. Kjetså var opphaveleg bare ein gard. Men så blei han som den einaste garden i Hornnes delt i mellomalderen. I dei siste århundra er Kjetså derfor nemd som Nedre Kjetså - Neregarden (gardsnr. 16) og Øvre Kjetså - Øvregarden (gardsnr. 17).

Namnet Kjetså er tolka til at mannsnamnet Kjetil er opphavet. Oddmund Mogstad held dette for godt mogeleg. Men sidan Kjetil er eit opphaveleg elvenamn, trur han heller at det kjem etter opphavsordet til kjel og Kjetil, ketill. Oppover langs Kjetsåna er det fleire «kjelar» som har kome av at isblokker låg att i morenemassane etter istida.

Gjennom Kjetså går Fylkesveg 42 i austleg retning til Riksvei 9 mot Evje og i vestleg retning mot Sveindal og Tonstad. Fram til Setesdalsbanen vart nedlagd i 1962, gjekk vegen mellom Kristiansand og Setesdal om Kjetså. Gjennom skogen på Kjetså og ut i Voilan renn Kjetsåna, eller Tveiteåna som ho vert kalla lenger vestover mot Tveit i Hornnes.

Fornminne[rediger]

Det er registrert seks gravhaugar på Kjetså, fire rundhaugar og to langhaugar. Gravhaugane er truleg frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.). Ein har også funne minst to økser, kanskje frå 1000-talet. Frå Netberg ved Breiflå til Skarkleiv på Kjetså kan ein enno finne spor etter ein gamal veg som blei kalla «Kongevegen». Kanskje vegen kan ha vore ein avstikkar frå administrasjonsvegen kjennarane meiner gjekk frå Stavanger om dei indre bygdene (Iveland og Vegusdal) til Arendal på 800-talet e.Kr. Ei anna forklaring kan vere at den bare har samanheng med den godt opparbeidde vegen ein veit gjekk frå Abusdal til Kjetså.

Ekserserplass[rediger]

Frå 1820 til 1877 var det ein ekserserplass på Kjetså. Militæretaten hadde avtale med Kjetså-bøndene om leige av grunn. Soldatlivet på Kjetsåmoen var med og sette sitt preg på bygdemiljøet i Hornnes, skriv Olav O. Uleberg i Hornnes-boka.

Heimar og bruk på Kjetså[rediger]

"Nye" Breistøl.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]