Vestre Trældal
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Vestre Trældal er eit lite dalføre som går i nord-sørleg retning vest for Bergedalsheii og Krubba i Bygland. På austsida av dei to fjella går Austre Trældal. Dei to dalføra går saman i sør ved Lisle Gyvatn.
Gamle vegar
Den gamle Fjellmannsvegen (Dalevegen), «byvegen» til Kristiansand, kom gjennom Vestre Trældal. Ein mykje brukt ferdsleveg mellom Setesdal og Åseral, Nordmannsvegen, gjekk også gjennom dalen.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Torfinn Normann Hageland, Ferdsla i Setesdal i eldre tid, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 82, 2006, side 127 flg.
- Kulturminneplan Åseral 2020-2025, side 62