Flåt nikkelgruve

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ei sjakt i Flåt nikkelgruve
Tverrprofil av malmsona i Flåt med gruvegangar.
Foto: Evje og Hornnes kommune/Gruvearkivet

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Ho var først ei koppargruve. Holet i fjellet der malmen var teken ut, blei kalla Koparhola. I 1872 blei selskapet Interessentskapet Evje Nikkelverk formelt skipa, og same hausten kom gruva i drift som nikkelgruve. På slutten av 1800-talet var Flåt nikkelgruve den største nikkelgruva i Nord-Europa. I 1873 kom det smelteverk til Evje, Evje nikkelverk, og gruva og smelteverket var i drift til 1946.

Drifta fall i tre periodar:

  • 1. periode: 1872-1894
  • 2. periode: 1899-1920
  • 3. periode: 1927-1946


Første driftsperioden 1872 - 1894[rediger]

Ferdinand Seippel, som var sentral då koparverket i Åraksbø var i drift rundt 1845-1850, var kjent med at det var nikkel i koparmalmen fra Flåt. Han sikra seg mutingsbrev på malmførekomsten i Flåt-gruva i 1870. Han prøvde å skaffe kapital til nikkeldrift i Evje-/Ivelands-området. Han klarte ikkje det, og selde alle gruverettane sine til infanterikaptein (seinare oberst) Fridtjof A. Henriksen i 1872.[1] Det blei såleis ikkje Seippel som kom til å stå for det neste «gruveeventyret» i Setesdal, Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk (1872-1946).

I staden var det Henriksen som blei den drivande krafta då gruvedrifta starta opp hausten 1872. To svenskar, Andreas Jar og Petter Wennerstrøm, skal saman med flatebygdingen og smeden Aadne N. Østerhus, ha vore dei som starta opp sjølve arbeidet. Men alt ved utgongen av 1872 var det 32 arbeiderar ved gruva.[2] Driftsmetodane var svært primitive den første tida. Det var stort sett handboring og krutt. I 1914 kom trykkluftboring.

I 1873 blei det bygd smeltehytte i Fossvik ved Fennefossen. Malmen frå gruva vart fram til 1909 frakta med hest ned til smeltehytta.[3] Vidare frå Evje måtte nikkelen fraktast først med båt to mil nedover Kilefjorden, så tre mil med hestekraft til Mosby, og til slutt ei mil på pråm igjen på Otra fram til Kristiansand.

Det var høgkonjuktur for nikkel først på 1870-talet. Talet på arbeidsfolk auka. Alt i 1874 var det 44 arbeidarar ved gruva. Dette sette spor etter seg i bondebygda Evje.[4] Men få år seinare kom eit stort omslag i etterspurnaden. Produksjonen sank til eit lavmål.

I 1883 blei gruva leigd bort til det britiske selskapet H. H. Vivian & Co. Britane dreiv gruva fram til 1894. Engelskmannen Alfred Merry styrde gruveanlegget i 1886-1886. Frå 1889 til 1894 var Gudbrand Henriksen, son til oberst Henriksen, direktør. Gruva gjekk jamt godt i dei åra ho var leigd ut.

På byrjinga av 1890-talet blei konkurransen på nikkelmarknaden hardare. Arbeidet på Setesdalsbanen var komen i gang, og det var eindel utvandring til Amerika. Arbeidslønene blei pressa oppover. Vivian & Co fann drifta ulønnsam, og sa opp leigeavtalen.[5]

Skråsjakta var no 150 meter lang, og ein var komen ned på 90 meter under bakken.

Andre driftsperioden 1899 - 1920[rediger]

I 1899 vart Flåt-gruva sett i drift igjen. Sonen til oberst Henriksen, Gudbrand Henriksen, hadde det daglege ansvaret for drifta. Setesdalsbanen hadde no kome til Evje. Transportutgiftene til og frå Kristiansand var kraftig redusert. Det gav grunnlag for ny lønsemd.[6]

Dei første ti åra av den andre driftsperioden var det ikke noka stordrift i gruva. Først rundt 1910 blei det meir fart i drifta. I 1909 blei gruva og verket seld til eit nytt aksjeselskap, også det med namnet Evje Nikkelverk (AS). Det kom inn meir kapital, og det kom ein moderniseringsperiode for anlegget. I 1909 kom det taubane frå gruva til smeltehytta ved Fennefossen, ei strekning på rundt 5 kilometer. Transportkostnadene for malmen gjekk kraftig ned. I 1910 vart det bygd elektrisitetsverk ved Fennefossen. I 1914 gjekk ein over til maskinboring i gruva. I 1915 begynte arbeidet med ei ny loddsjakt. Ho kom etterkvart til å gå ned til 402 meter. I 1918 kom ein ny gruveheis. I denne driftsperioden vart det også bygd eit heilt nytt bustadfelt for dei tilsette på Grenneshaugen i Flatebygd.[7]

I 1911 kom den unge gruveingeniøren Birger Thorkildsen til bygda og Flåt-gruva. Han blei driftsstyrar i 1918, og hadde det daglege ansvaret for drifta heilt fram til gruva vart stengd for godt i 1946.

Tredje driftsperioden 1927 - 1946[rediger]

Ringeriksbua er ein av dei få bygningane som framleis er å sjå i gruveområdet. Ho blei bygd som lagerbu i 1937.

Frå hausten 1927 kom drifta ved Flåt nikkelgruve i gong igjen. Det var eit nytt selskap, Raffineringsverket AS, som no skulle stå for drifta. Drifta fekk eit større omfang enn nokon gong før. Arbeidsstokken i gruva og på verket nede ved Fennefossen låg på 300 til 350 mann. På første halvdelen av 1930-talet blei det brote ut 160 000 kubikkmeter fjell - årleg. Men etter 1938, det beste året nokon gong, var tendensen at mengda utsprengd malm gjekk ned år for år. Fjellet blei fattigare på både kopar og nikkel. Drifta av Flåt gruve gjekk mot slutten.

Så kom krigen i 1940. Tyskerane trong metall til krigføringa, og gruva på Flåt blei viktig for okkupasjonsmakta. Dei siste restane av verdi i fjellet blei pinte ut. Då freden kom i 1945, var det klart at grunnlaget for vidare drift var borte.[8]

Då drifta stansa i 1945/1946 var loddsjakta 402 meter djup.

Ein hard arbeidsplass[rediger]

Minnesteinen over dei som omkom i gruva.

Nikkelgruva, og det tilhøyrande Evje nikkelverk, var ein hard arbeidsplass. 18 menneske omkom i arbeidsulukker i gruva eller på smelteverket, og mange vart hardt skadde. Det er reist ein minnestein over dei som omkom framføre den gamle gråsteinstippen i Flåt-gruva.

Nyare tid - besøksgruve[rediger]

Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt nikkelgruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem på grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.

Sjå også[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 96
  2. Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, s. 5-6
  3. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 6
  4. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 9
  5. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 9
  6. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 10
  7. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 10-12
  8. Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, s. 28

Kjelder[rediger]